Hopp til innhold

Overtaking av fylkesvegane

Frå 1. januar 2020 tek fylkeskommunane over totalansvaret for fylkesvegane. Til no har Statens vegvesen gjort dette på oppdrag frå fylkeskommunen som vegeigar. Vestland fylkeskommune skal stå for både bygging og drift av 5600 kilometer fylkesveg. – Målet er at folk flest ikkje skal merke denne overføringa av oppgåver. Trafikkmeldingar vil ein framleis finne gjennom vegtrafikksentralen, seier Dina Lefdal, fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Kø på fylkesveg 33
Foto: Sigrid Havig Berge / NRK