Hopp til innhold

Overskotet til bøndene rotnar på rot

Det våte vêret har ført til problem med innhausting av gras. For mange bønder er graset alt for gamalt til å slå. – Eg trur det er mange deprimerte bønder. Ein tapar pengar og utsiktene vidare er ikkje særleg gode.

Vått gras

GRASET ROTNAR: Bonden frå Naustdal fortel at nøkkelen til overskot er basert på skikkelege slåttar. – Tungt utstyr er vanskeleg å nytte når det er så vått. Får ein ikkje slått rotnar graset på rot, fortel Arild Herstad.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det går så vidt med forhaustar, men eg kan ikkje lage rundballar. Det er mykje regn og tilførsel av fukt heile tida. Då skal du ha gode system for å ta unna vatnet, fortel bonden Arild Herstad.

Vått gras

HÅPAR PÅ BETRE VÊR: – Eg håpar vêret skal slå til slik at kvaliteten på andre slåtten kan bli litt betre enn den første, seier Arild Herstad.

Foto: Bård Siem / NRK

Det blir dårleg kvalitet når ein ikkje får slått graset. Blir det ståande for lenge rotnar det.

På Herstad i Naustdal slit bonden med klissblaute bøar og gras som rotnar på rot.

– Godt gras er nøkkelen til suksess. Det går ut over økonomien. Har du dårleg grovfôr må du spe med meir kraftfor. Òg det er vanskeleg å kompensere dårleg grovfôr med kraftfor, seier Herstad.

Han seier det er viktig med høgt energinivå i graset slik at dyra kan produsere godt. Men for bonden ser det dårleg ut også med slått nummer to.

Dårleg kvalitet på begge slåttane

Dårleg kvalitet på graset på begge slåttane gjer at mange bønder må kjøpe fôr frå Austlandet eller utlandet. Kvaliteten på både første og andre slåtten er langt under normalen i år, seier Arve Arstein i Norsk Lanbruksrådgjeving Vest.

– Det er sjeldan vi får ein sommar der både første og andre slåtten opplevast på same måten. Energikvaliteten på første slåtten i år har vore usedvanleg dårleg mange stadar, seier Arstein.

Arve Arstein

KATASTROFALT ÅR FOR BØNDENE: – Eg trur vi berre må innsjå at dette er katastrofalt for mange. Ein kan rette opp ein del med å gi dyra rett type kraftfor. Men det blir nok meir kjøp av grovfôr frå andre stadar, som frå Austlandet eller Sverige, seier Arve Arstein.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For dei same bøndene ser det ut til å bli ein repetisjon av det første slåttforholdet.

– Folk ventar på å få slått. Dei er klare til å kome i gang, men bøane ber ikkje. Graset er for gamalt alt no, seier bonden Arild Herstad.

Katastrofalt år for bøndene

– Det har vore vått før òg, men det ekstreme no er at det regnar heile tida. Mange baserer seg på ballutstyr og presse. Dette er vanskeleg å nytte når det er så vått, fortel Arild Herstad.

Vått gras

DÅRLEGE TIDER FOR INNHAUSTINGA: Jordet til Arild Herstad i Naustdal ber preg av svarte køyrespor. Han fortel at dårleg kvalitet på graset kan slå tilbake ved å til dømes gi mindre mjølkeproduksjon på kyrne.

Foto: Bård Siem / NRK