NRK Meny
Normal

Fjord1 siktar mot 200 millionar i overskot

Halvårsrekneskapen for Fjord1 viser eit overskot på 31,1 millionar kroner. Det er om lag dobbelt så stort som i tilsvarande periode i fjor.

Dagfinn Neteland

SIKTAR MOT 200: Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, seier selskapet ligg godt i rute mot målsettinga på 200 millionar i overskot.

Foto: Hilde Anita Røyrvik / Fjord1

– Vi er svært tilfredse, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, til NRK.

Tek ein med salsgevinstar for første halvår 2014, er resultatet i 2015 heile 40 millionar betre. Neteland seier årsaka til det gode resultatet er samansett.

– Det har skjedd ein god del positive ting internt i selskapet. I tillegg har ein del kontraktar hatt ei betydeleg betring. Det har vore ei fin trafikkutvikling første halvår i 2015.

Kutt bidreg til resultatet

Dei siste par åra har Fjord1 kutta både i rutetilbod og tilsette sine vilkår, og Neteland seier det har effekt på resultatet.

– Det har jo vore ein prosess i dette selskapet dei siste par åra som har sett på kostnadssida og moglege forbetringar, fornying og forenkling. I sum gir det eit positivt bidrag.

I rute mot overskot på 200 millionar

– Vi sa tidleg i år at vi såg for oss ei betydeleg betring i resultatet for 2015 samanlikna med 2014, og vi har ein ambisjon om å klare 200 millionar i år, seier Neteland.

Etter ei noko svak trafikkutvikling i juni månad viser dei neste sommarmånadene ein
god vekst i trafikken samanlikna med 2014. Dei rekneskapsmessige resultata for juli viser også gode resultat.

Fjord1 vil også ha auka aktivitet andre halvår gjennom ekstraproduksjon på viktige samband.

– Vi skal ikkje gje garantiar, men så langt ser det veldig bra ut. Vi held prognosane, og eg trur vi nærmar oss talet på 200 millionar når året er over, seier Neteland.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast