Arvid Ullebø er administrerande direktør i Fundamus AS. Og hadde han tunge stunder på denne tida i fjor, så opplever han det stikk motsette i år - i alle fall med tanke på den økonomiske situasjonen. Og held fabrikken fram med å tene like mykje pengar som det første halve året, kan det gå mot eit årsoverskot på rundt 20 millionar kroner.
Fundamus har selt nær 560.000 felgar det siste halve året og har nådd ein omsetnad på 215 millionar kroner. Men, sjølv om det meste går rett veg om dagen, så meiner Ullebø at dei har forbetringspotensiale. For dei har framleis litt for høg vrakprosent på felgfabrikken i Høyanger. Likevel er kundane svært godt nøgde - noko som viser igjen ved at talet på reklamasjonar har godt kraftig ned.