Hopp til innhold

Overskot for Fjord1

Fjord1 fekk eit årsresultat på 24 millionar kroner i fjor, noko som er ei klar forbetring frå året før, då ferjeselskapet gjekk på ein smell på heile 58 millionar kroner. Styreleiar Reidar Sandal seier slanking av administrasjonen og nedlegging av verksemda i Molde har bidrege til det positive resultatet. Også eigarskapet i flyselskapet Widerøe har bidrege positivt, seier Sandal.