Hopp til innhold

Overraska sønene med VM-besøk – fekk sølvbuketten

Klemet Bø hadde ikkje tenkt seg på VM i skiskyting. Så tok lysta overhand.

VM i skiskyting 2017.

BLOMAR: Johannes Thingnes Bø feirar sølv. Blomsterbuketten fekk han kasta til ein stolt pappa som stod på tribuna.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– I utgangspunktet skulle eg ikkje nedover til Hochfilzen, seier Klemet Bø, far til skiskyttar-brørne Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.

Men då det nærma seg VM tok lysta overhand.

– Eg ringde selskapet eg har pleid å reise med og spurde om dei hadde fått nokre avbestillingar. Det hadde dei og då reiste eg nedover, seier Bø.

Men dei to brørne visste ingenting om at han hadde tatt turen. Før han vart avslørt under ein tur langs løypa.

Lurte veslebror

Det var medan Tarjei Bø var ute å testa ski i løypa at Klemet ropte og heia på sonen.

– Han stoppa opp då eg ropte, såg opp og heldt på å få sjokk, seier Klemet lattermildt.

Veslebror Johannes visste framleis ingenting, og vart også lurt av Tarjei.

– Tarjei møtte jo pappa i løypa, men han sa ingenting til meg. Han sa at vi skulle møte ein frå Fisher for å snakke om nye ski, men då eg kom ned i resepsjonen på hotellet sat pappa i resepsjonen. Det var stas, sa Johannes Thingnes Bø til NRK i TV-intervjuet etter å ha fått sin tredje sølvmedalje i VM.

– Eg såg pappa på tribunen og fekk kasta opp blomane eg fekk saman med medaljen. Det var ganske godt gjort av meg å treffe han blant tusenvis på tribunen, seier Thingnes Bø med eit stort glis.

Gler seg over Tarjei

VM i skiskyting 2017. Tarjei Bø trener

SMILET TILBAKE: Tarjei Bø seier årets sesong har vore den tøffaste tida i karriera, men under VM var smilet tilbake.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

VM vart ei stor norsk nedtur, men Bø-gutane leverte på kvar sin måte. Johannes med å hente heim tre sølvmedaljar (sprint, jaktstart og fellesstart). Tarjei med å i det heile tatt å stille på start.

– Det er nesten det mest kjekke. At Tarjei konkurrerer igjen og at han er frisk. Han har ikkje hatt mykje trening i forkant og det gleder meg stort at han er tilbake, seier Klemet.