Hopp til innhold

Overraska over utviklinga på breen

Hydro er nesten klare til å avblåse all frykt for ein stor flaum ned Fortunsdalen. Men berre nesten.

Harbardsbreen

GOD KAPASITET: Hydro melder at dei har så mykje ledig kapasitet i Fivlemyrmagasinet, at dei snart kan ta resten av breflaumen.

Foto: NVE

– Eg torer ikkje å friskmelde heile situasjonen. Men med mengda vatn NVE bereknar ligg att oppe på breen, kan det sjå ut som vi har kapasitet til å ta resten utan at det skal bli større overløp som kan gjere skade nedover dalen, seier Johnny Bruheim i Hydro.

Fredag sette politiet krisestab, og 50 menneske fekk etterkvart varsel om at dei kunne bli evakuert. Stor snøsmelting hadde gjort at eit sokalla jøkulhlaup – ein breflaum – var i gang, og seks millionar kubikk vatn skulle ned frå Harbardsbreen. Det store spørsmålet var kor raskt vatnet skulle kome.

Snart full kontroll

Hadde alt vatnet kome raskt, kunne det ført til storflaum og skade på hus og heim i Fortunsdalen.

Om lag seks millionar kubikk vatn skal altså ned frå breen. Hydro har no tappa 3,5 millionar gjennom Fivlemyrmagasinet, og har enno plass til mellom to og 2,5 millionar i magasinet, som opererer som ei sperre for vassmengdene før dei kjem vidare ned i vassdraget mot Fortunsdalen.

– Vi byrjar å nærme oss at vi har kapasitet til å ta unna resten dersom det skulle kome plutseleg på, seier Bruheim.

bilde av smeltevann på Harbardsbreen i Sogn

JAMT SIG: Vatnet frå breen kjem ut i området ved den raude ringen. Bruheim er overraska over at det kjem i eit så jamt sig som no.

Foto: HYDRO / NTB scanpix

Sidan i går kveld ein viss stigning i mengda vatn som kjem inn i magasinet. Det er som forventa, seier Bruheim.

– Me følgjer med situasjonen, og skal ein tur innover på breen rundt klokka 12. Slik er situasjonen: Eigentleg stilt og roleg men me følgjer med.

Overraska

Også i 2010 var det eit jøkulhlaup i vassdraget. Då vart to bresjøar tappa for 5,5 millionar kubikkmeter vatn i løpet av 60 timar.

– Det kom raskare på oss i 2010. Kanaliseringa under breen har gjort at vi får ei finare uttapping frå breen no. Det har overraska oss litt. Men det er på ingen måte over, kurva med vatn som kjem frå breen er stigande, seier Bruheim.

– Har dette gått betre enn venta?

– Ja, brukar vi erfaringa frå 2010 som mal, så ser det ut til at dette går rolegare.

Det er venta at alt vatnet er tappa i løpet av komande natt eller måndag.