NRK Meny
Normal

Overraska over Nødseth på topp

Bjørn Lødemel er overraska over at han vart vraka frå topplassen på Flora Høgre sitt framlegg til stortingsliste.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H)

OVERRASKA: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel legg ikkje skjul på at han er overraska over at Jacob Nødseth toppar stortingslista til Flora Høgre.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Jacob Nødseth var ikkje på lista til nominasjonskomiteen til Flora Høgre, men etter at det vart fremja benkeforslag om 24-åringen vart han overraskande valt inn på topplassen.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Hornindal Høgre ramla ut av listeforslaget, det same gjorde Bjørn Hollevik som er gruppeleiar i Flora Høgre.

At Nødseth no toppar Flora Høgre si liste var ikkje det Lødemel hadde forventa på førehand.

– Det kom overraskande på meg, og sikkert på mange andre også. Det var ei overraskande vending, det må eg seie, seier Lødemel til NRK.no.

Mykje bråk rundt Nødseth

Det har vore svært mykje bråk rundt Jacob Nødseth den siste tida. Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, sa i går at han aldri tidlegare har opplevd at det har vore så mykje støy rundt nominasjonsprosessen i partiet. Sjølv meiner han at det er problema rundt Nødseth som er årsaka.

– Det har naturlegvis med at det har vore mykje kamp om Nødseth si plassering på lista eller ikkje, sa Mjømen til NRK.no onsdag.

Nødseth har mellom kome med krass kritikk av partifellar i Høgre, ein kritikk som han seinare valde å orsake. Finn Ove Njøsen som har vore ein støttespelar for Nødseth vart sparka ut av partiet si nominasjonsnemnd etter at han på Facebook gav uttrykk for at Nødseth hadde blitt dårleg behandla.

Seinare har også fylkesleiar Arve Mjømen valt å trekkje seg som kandidat til stortingslista på grunn av alt bråket.

– Eg er audmjuk

Onsdag kveld vart altså Nødseth overraskande banka gjennom som førstekandidat til stortingslista etter nominasjonsmøtet i Flora Høgre.

– Eg er audmjuk overfor den tilliten som medlemene i Flora Høgre har synt meg i kveld. Både på det politiske, men eg skal innrømme også på det personlege planet, seier Jacob Nødseth til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arve Mjømen og Jacob Nødseth

UVANLEG MYKJE URO: Arve Mjømen seier han aldri tidlegare har opplevd så mykje bråk rundt nominasjonen. Årsaka er ifølgje Mjømen knytt til kor vidt Jacob Nødseth skal ha plass på lista eller ikkje.

Foto: Montasje: Høgre/Oddleif Løset/NRK

– Eg vil halde fram

Lødemel er overraska over vendinga.

– Trur du at det får konsekvensar for den endelege nominasjonen?

– Eg har jo heile tida sagt at eg ønskjer å halde fram på stortinget, og føler eg kan gjere ein god jobb både for Sogn og Fjordane og for Høgre.

Han vil no vente på forslaget frå nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Høgre i kveld før han seier noko meir om saka.

Berre to lokallag har Nødseth på lista

Berre to lokallag i Høgre har Jacob Nødseth med på sine forslag til stortingslista, det er Flora og Høyanger.

Leiar i nominasjonsnemnda, Onar Osland, seier til NRK at Bjørn Hollevik (Flora Høgre) og Embla Belsvik (Flora Høgre) er føreslått av flest lokallag til plassane bak Bjørn Lødemel.

Den endelege avgjerda kjem på nominasjonsmøtet som vert halde 20. oktober.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast