Hopp til innhold

Overraska kona med spesiell gåve - får tur over The Big Apple

Det kjem nokre dagar i året som krev sitt av ein mann – nemleg bursdagen til kona eller kjærasten.

Roger Allan Ivin og Irene Ivin

JUBLANDE GLAD: Roger Allan Ivin overraska kona Irene med ei flott gåve på bursdagen.

Foto: Privat

Og det er ikkje alltid like lett å finne ut kva ein skal gje vekk. Ein som har overgått seg sjølv er Roger Allan Ivin frå Sogndal.

– Eg knuste til med årets bursdagsgåve, ler han.

Overraska med luftig gåve

Kona hans Irene fekk seg nemleg ei skikkeleg overrasking på bursdagen sin i dag. Ho fekk te, muffins og eit bursdagskort der det stod at ho måtte sjekke Facebook.

New York

FLOTT GÅVE: Neste måndag får Irene Ivin sjå The Big Apple frå lufta.

Foto: GEORGE WIDMAN / AP

Der fekk ho sjå meldinga: «Gratulerer med dagen SuperDuperSkjønne kånemori mi Irene! Håper du liker gåva: Neste fredag klokka 10.00 svever du over The Big Apple! xxx»

For neste veke skal Irene og ein venninnegjeng på jentetur til New York. No får ho også sett byen frå lufta. Roger Allan seier gåva falt i smak.

– For kvart år blir det verre å finne på noko lurt, så var det nokon som tipsa om at det var flott å sjå New York frå lufta i helikopter, fortel han.

«Beste gåva ever»

Og kona sjølv, Irene, blei sjølvsagt jublande glad for denne gåva.

– Weeeeee! Beste gåva ever!!! Love you, svarte ho på Facebook.

No gler ho seg veldig til turen. Ho har også fått mange andre kommentarar frå folk som tykkjer ho er heldig.

Men sjølv om gåva i år var spesiell, seier Ivin at det ikkje blir slikt kvart år.

– Ein må spare slike drypp innimellom. Men denne gongen kjenner eg på meg at det blei ein innertiar. No får vi håper på godt ver og at det blir ein flott tur, seier Roger Allan.