NRK Meny
Normal

Overraska flyktningeborna med sirkus

SKEI (NRK): Kvardagen for born på asylmottak kan vere trist. Men i dag fekk bebuarane på Skei ungdomsmottak ei gledeleg overrasking.

VISTE GAMLE KUNSTER: Cirkus Agora underheldt i dag for omlag 40 born på Skei ungdomsmottak i Jølster. (Video: Heidi Lise Bakke/NRK)

For Cirkus Agora med sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal i spissen inntok i dag asylmottaket. Dei rundt førti bebuarane fekk sjå sjonglering, balansekunstar og trylling, for fleire av dei var dette ei heilt ny oppleving.

– Dette var veldig interessant. Det er første gong eg ser sirkus, seier 18 år gamle Safiullah frå Afghanistan.

Safiullah

NY OPPLEVING: Safiullah (18) frå Afghanistan hadde aldri før vore på sirkus.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ikkje berre var det første gong for han, dette var første gong det har vore sirkus på mottaket. Men ikkje tru at det låg månader med planlegging bak når det først skulle skje.

– Dette er det vi kan kalle ein spontanaksjon. Eg var ringt opp av Smørdal i går og tende på idéen, seier mottaksleiar Oddvar Årdal.

Han trur eit slikt tiltak er nettopp det borna treng i kvardagen.

– Vi er alltid på jakt etter aktivitetar som held dei i gong. Dei har eit kjempetilbod på skulen i løpet av dagen, men på kveldane har dei mindre å ta seg til, seier han.

Det er sirkusdirektøren sjølv einig i.

– Sirkus er internasjonalt og eit språk alle forstår. Så difor passar det midt i blinken her, seier han.

Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal

SPONTANAKSJON: Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal fekk idéen dagen før den vart sett i live.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK