NRK Meny
Normal

Overrask mor på søndag

Søndag er dagen då vi kan sette litt ekstra pris på mor. Ei god sjokoladekake, vakre rosa marsipanhjerte og ein rykande varm kopp kakao er oppskrifta på ein flott morsdag.

Ole John Berntsen

TIPS: Ole John Berntsen gav sine tips til lyttarane under morgonsendinga fredag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

morsdag

Søt feiring: Vakre rosa marsipanhjerte smelter eit morshjarte.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Morsdagen har røter heilt tilbake til antikken, men det var ei ung heimeverande mor i Amerika som verkeleg fekk fart på feiringa.

Den første norske morsdagen vart feira i Bergen i 1919, no har det blitt ein familiedag over store deler av verda.

Komande søndag er det morsdag igjen, og du kan få gode tips til korleis dagen blir vellukka.

Står opp midt på natta for å bake

Morsdag er og høgtid for konditorane. Ein av dei som no står opp klokka to om natta for å bake kaker til mødrene i Sogn og Fjordane, er Ole John Berntsen ved Naustdal Dampvakeri.

– Dette er ei av dei største høgtidene for oss, og vi bakar mellom 1200 og 1300 kaker til morsdagen på søndag.

Den tradisjonelle marsipankaka er mest populær, men no er det mange som og vil glede mor med friske bærkaker og sjokoladekaker, seier Berntsen.

Rosa hjerte og kakao på senga

Ein god kopp varm kakao på senga og vakre rosa marsipanhjerte til kaffien, kan skape god stemning i heimen på morsdagen.

I morgonsendinga fredag, gav bakaren i Førde gode råd til korleis vi kan lage ein ekstra god kakao.

– Varm opp mjølk til ein 60 til 70 grader, og ha i kanel og stjerneanis. Dersom mjølka kokar, vil ikkje kakaoen smake like godt. Smelt 200 gram sjokolade og sil av krydderet.

Denne kakaoen er ekstra fyldig og smakar himmelsk, lovar Berntsen.

Kakao og frukost på senga var faste innslag under morsdagsfeiringa i Berntsen sin barndom. Då vart morsdagen alltid ein suksess.

Viktig å hugse på mor

Også " kjendisane" frå Sogn og Fjordane synst morsdagen er viktig.

Heile Norge si veirdame, Eli Kari Gjengedal, sender gjerne kort og blomster for å hylle si mor.

Odd-Bjørn Hjelmset har og minner frå morsdagsfeiring i oppveksten. Men frukost på senga, det laga han berre ein gong.

– Vi prøvde oss med frukost på senga, men det likte ho ikkje. Etter det gjekk det meir i snekring av fuglebrett og kort, seier skiløparen frå Gloppen. No er han sjølv gift, og morsdagen skal han prøve å hugse på. Iallefall når han no har fått telefon frå lokalradioen.

– Eg reknar med at ungane har ein plan, avsluttar Hjelmeset.

Multikunstnaren Oddvar Torsheim har hatt rikeleg anledning til å sette pris på mor si, for ho vart nemleg 100 år.

Valentine-dagen

Blomster til mor: Ein sikker vinnar på søndag.

Foto: Anneli Strand / NRK

Dei siste ti åra besøkte eg henne kvar dag, det vog opp for alt tull eg gjorde tidlegare, meiner Torsheim.

Per Sivle laga og eit vakkert dikt til si mor:

" Den fyrste song eg høyra fekk var mor sin song ved vogga, dei mjuke ord til hjarta gjekk, dei kunne gråten stogga."

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote