NRK Meny
Normal

Overlegne Sogndal tok 3 poeng

I sommarsola på Campus var det tydeleg at Sogndalsspelarane ville vise seg fram.

Ulrik Flo

Ulrik Flo var mykje involvert i 1. omgang av kampen.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det var duka for eit toppoppgjer på Fosshaugane Campus 2. Pinsedag. Tabelltoar Sogndal tok imot Tromsdalen, som ligg på tredjeplass på tabellen.

Opna friskt

Etter 9 minutt kom Ulrik Flo seg fri på venstrekanten. Han la inn til Tarjei Dale. Dale heada i stolpen frå 3 meter.

Det var heilt frå starten tydeleg at Sogndal hadde bestemt seg for å vinne kampen.

Trass i at Tromsdalen produserte særs lite, betydde det ikkje at dei var heilt ufarlege. Tromsdalen sin Mohammad Jama fekk fleire halvfarlege oppspel i si retning. I det ellevte minuttet kom han plutseleg åleine med Lecejewski etter ein forsvarsfeil. Men Lecejewski henta fram ei kanonredning, og sørga for at stillinga fortsatt var 0-0.

Flo scora

Ulrik Flo var mykje involvert i første omgang. Han var nest sist på fleire innlegg som kunne ha vorte scoringar, og farleg ved fleire høve sjølv. Etter 24 minutt fekk han betalt for strevet, då han etter eit kast fekk ballen av Morten Christensen. Flo la ballen til rette, og sette enkelt inn 1-0.

Dette vart også pauseresultatet.

Sogndal herja med Tromsdalen

Sogndal brukte pausen godt. Mellom anna gjekk ein sliten Ulrik Flo ut. Inn kom Anders Stadheim, som ikkje brukte lang tid på å sette inn Sogndal sitt andre for kvelden.

Stadheim spelte vegg med Rune Bolseth, og kunne legge på til 2-0 etter 58 minutt. Sogndal var i denne perioden totalt overlegne, og herja til tider med forsvaret til eit tamt Tromsdalen.

Henrik Furebotn hadde fleire flotte raid på høgrekanten, og fekk med seg publikum. Rune Bolseth hadde og ein farleg lobb, som diverre for heimepublikummet, gjekk i tverrliggaren. Sogndal sitt tredje, kunne ein god Tarjei Dale score, etter ein kjempefeilpasning av Fredrik Allertsen.

Sogndal på tabelltopp

Sogndal må sjå seg nøgd med dette resultatet, trass i at dei faktisk kunne scora fleire mål.

Dei kring 1800 publikummarane var svært nøgde med det dei såg på bana, då Sogndal store delar av kampen spelte ut Tromsdalen. Tromsdalen fekk aldri heilt spelet sitt til å sitte, og var springande mykje i mellom. Sogndal leiar no tabellen i påvente av Kongsvinger sin kamp i morgon.

Sjå kampfakta her.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.