Hopp til innhold

Kritiserer kollegaer etter dødsulykke

Overlege og tilsetterepresentant Rune Larsen i Helse Førde går i ein nettdebatt ut med hard kritikk mot kollegaer ved Nordfjord sjukehus.

Rune Larsen

FÅR KRITIKK: Overlege Rune Larsen er tilsettrepresentant for Legeforeningen i Helse Førde-styret og anestesilege på sentralsjukehuset og luftambulansen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Etter ei bilulukke der to personar omkom, hevdar Larsen eit team ved sjukehuset burde rykka ut til ulukkesstaden.

De mest kompetente satt på sykehuset og ventet i lang tid før pasienten kom inn.

Rune Larsen

– Dette må hans sjefar ta tak i. Det burde vere litt meir vet når ein går ut i media, seier ein rysta overlege, Mads Petterson, ved Nordfjord sjukehus.

Oskeskya hindra luftambulansen

Det var i april i år at to ungdommar omkom og to vart hardt skadde då bilen deira køyrde i fjellveggen på riksveg 15 ved Huas i Eid kommune. På grunn av oskeskyta frå vulkanen på Island var all lufttrafikk forbode, og vanlege ambulansar måtte rykkje ut.

Det er i den samanheng Larsen, som også i sit i Helse Førde-styret, kritiserer legekollegane i Nordfjord. På NRK si nettside skriv Larsen mellom anna:

«Satt på sykehuset og ventet i lang tid»

«De mest kompetente satt på sykehuset og ventet i lang tid før pasienten kom inn, på tross av at gjeldende instrukser helt klart sier at ved en slik ulykke skal det rykke ut et team fra sykehuset.»

Larsen viser vidare til at det var alvorleg hovudskader i samband med ulukka, og at det i slike tilfelle er viktig å få ein anestesilege på plass så raskt som råd for å få sikra luftvegane.

«Ambulansens enkle utstyr kan avhjelpe til en viss grad, men en erfaren anestesilege kan gjøre dette på en mye tryggere måte», skriv Larsen som sjølv har mange år bak seg som anestesilege på luftambulansen.

– Burde ikkje gått ut i media slik

Kollega Petterson på Nordfjoreid er opprørt over at Larsen går inn og omtalar medisinske detaljar på denne måten. Han seier ein ikkje skal ta slike diskusjonar i media, og vil klage Larsen inn for fylkeslegen.

– Med tanke på personar, pasientar, pårørande, så skal ein ikkje ta denne diskusjonen i media. Eg tenkjer å ta kontakt med fylkeslegen for å høyre hans syns på saka. Og Legeforeningen burde også reagere, tykkjer eg.

Har medieretningslinjer

Ingen frå leiinga i Helse Førde ønskjer å kommentere saka, men i ein epost til NRK skriv informasjonssjef Arne Eithun dette:

«På generelt grunnlag forventar vi at våre tilsette forheld seg til medieretningslinjene som gjeld i Helse Førde.»

Rune Larsen ønskjer ikkje å kommentere saka, utover det han har skrive i debattinnlegg på nettet.