Hopp til innhold

Fleire norske enn utanlandske førarar bryt køyre- og kviletidsreglane

Statens vegvesen sin kontrollaktivitet på Håbakken i Lærdal i januar, viser at norske tungtransportsjåførar oftare bryt køyre- og kviletidsreglane.

Thormod Gausdal

MELDER: Tormod Gausdal, seksjonsleiar ved Sogndal Trafikkstasjon, håpar januar månad var unormal. Av 15 kontrollerte norske førarar, vart ni meldt for brot på køyre- og kviletidsreglane.

Foto: Anna Gytri / NRK

Av dei 15 norske sjåførane som vart kontrollerte på Håbakken, vart ni av dei meldt for brot på køyre- og kviletida.

Tormod Gausdal, seksjonsleiar ved Sogndal Trafikkstasjon, seier dette er ein trend dei har sett dei siste åra.

– Det er ei klar negativ utvikling i høve til i fjor. Vi har vel sett i fleire år at dei utanlandske førarane køyrer om dagen og søv om natta, seier Gausdal.

Meldte 11 av 61

Til samanlikning vart 11 av 61 kontrollerte utanlandske tungtransportsjåførar melde for det same.

– Det er ganske stor skilnad, og eg håpar at dette jamnar seg utover året, at januar var spesiell. Men vi vart overraska over den store skilnaden, seier Gausdal og trur ei av årsakene er at næringa er sterkt pressa på pris.

– At ein både må ta med seg meir gods enn ein har lov til etter aksellastreglane, og at ein i tillegg må køyre meir etter køyre- og kviletidsreglane enn dei har lov til for å få endane til å møtast, seier Gausdal.

Fekk 60.000 i bot

Kontroll på Håbakken

KONTROLLSTASJON: Vogntoga blir kontrollerte ved Håbakken i Lærdal.

Foto: Anna Gytri / NRK

Kontrollane syner også at når dei utanlandske sjåførane først bryt lova, så gjer dei det til gangs.

I byrjinga av januar fekk ein ukrainsk og ein nederlandsk førar til saman 60.000 kroner i bot. Dei to hadde køyrt 18 timar i strekk .

– Vi har utanlandske førarar med betydelege brot på reglane. I januar i år har politiet beslaglagt førarkortet til fem av desse førarane på grunn av grove brot på køyre- og kviletida, seier Gausdal.

– Vanskeleg å kommentere

Per A Øren, fylkesleiar i Lastebileigarforbundet, seier det er vanskeleg kommentera at fleire norske bryt reglane utan å vite kor alvorlege brota er.

– Er dette alvorlege brot, nummeret før førarkortbeslag, så er det alvorleg. Men det er klart at dersom brota er av mindre karakter, der det er fem-ti minuttar for å nå fram til ei ferje eller ein kvilestad, så er det noko heilt anna, seier han.