Hopp til innhold

Overgrepsmottaket kan vere berga

FØRDE (NRK): Alle kommunar som ikkje allereie støttar opp om eit overgrepsmottak i fylket, bør gjere det. Det vart samrøystes vedteke av KS sitt fylkesmøte i Førde tysdag ettermiddag.

Fylkesmøte i KS Sogn og Fjordane

SEMJE OM OVERGREPSMOTTAK: Fylkesmøtet i KS, inkludert alle ordførarane i Sogn og Fjordane, ber kommunane om å gi støtte til overgrepsmottak.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

KS er interesseorganisasjonen til kommunane, og her møter mellom andre alle dei 26 ordførarane i fylket. KS har ikkje noko mynde over kva kvar einskild kommune skal vedta, men ordførarane tek med seg det som det vart semje om til sine respektive kommunestyre.

Overgrepsmottaket har stått i fare for å måtte leggje ned fordi fleire kommunar ikkje var klare til å betale for det. No er vedtaket i KS eit sterkt signal til dei kommunane som til no ikkje har vedteke støtte til mottaket.

Ordføraren i Balestrand, Harald Offerdal (Ap) er leiar for KS i fylket. Han meiner det er viktig at alle kommunane no gir støtte til overgrepsmottaket.

– Det er fordi vi her har med dei svakaste gruppene å gjere, og så er det etablert ei ordning som ein no prøver å få opp å gå.

– I Årdal har rådmannen gått inn for at kommunen seier nei, og Nordfjord-kommunane ville ha ei avklaring om nokre spørsmål ved ordninga. Vil alle desse kommunane bli med på ordninga i Sogn og Fjordane?

– Det kan eg ikkje svare på, men vi har fått positivt signal frå Nordfjord-kommunane. Årdal har eg ikkje føresetnad for å svare på.

Harald Offerdal

– VIKTIG SIGNAL: Fylkesleiar Harald Offerdal (Ap) i KS håpar at alle kommunane no gir pengestøtte til overgrepsmottaket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) i Årdal seier han no skal syte for at spørsmålet om støtte til overgrepsmottaket skal kome opp igjen til handsaming i Årdal kommunestyre. Han vil ikkje garantere at dei folkevalde i Årdal seier ja.

– Men eg vil aktivt prøve å argumentere for det.

Det same seier Kristin Maurstad (Ap), ordførar i Vågsøy.

– Vi har hatt behov for å vite meir om dette. Vi har ikkje handsama det politisk i Vågsøy enno. No tek eg med meg dette innspelet til mine politikarar i Vågsøy, så får vi gjere det vedtaket det er behov for.

Det blir også arbeidd med å få på plass eit barnehus i Sogn og Fjordane. I dag må barn frå Sogn og Fjordane til Ålesund eller Bergen om dei skal avhøyrast i overgrepssaker. Harald Offerdal meiner planane om eit barnehus vil stå sterkare dersom overgrepsmottaket no blir sikra.

– Dette er noko vi jobbar med, og det vil styrke saka dersom vi får kopla det til overgrepsmottaket og får eit sambruk. Der er vi i dialog med den nye politimeisteren.