Hopp til innhold

Kommunane skal framleis drive overgrepsmottak

I statsbudsjettet som vert lagt fram onsdag, går regjeringa for å la kommunane halde fram med overgrepsmottak.

Frank Willy Djuvik

GLEDELEG: Det har vore eit eintydig råd frå fagfolk, kommunar og tilsette, seier Frank Willy Djuvik om forslaget om å la kommunane drive eit samla tilbod om overgrepsmottak.

Foto: Torje Bjellaas

– Dette er ei sak vi har jobba mykje med, og det er svært gledeleg at vi har fått gjennomslag for det som har vore eit eintydig råd frå fagfolka, kommunane og dei tilsette på overgrepsmottaket, seier fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik.

– Ei samanhengande behandling

Då Stortinget hadde eit raudgrønt fleirtal vart det sommaren 2013 vedteke at spesialisthelsetenesta skulle overta ansvaret for overgrepsmottaka frå kommunane.

Djuvik har tidlegare sagt at dei jobba med ei omgjering av vedtaket, og sa til NRK at det er den faglege kompetansen som er avgjerande for at dei vil at kommunane framleis skal drive mottaka.

– Det viktige er at brukarane får ei samanhengande behandling. Det er kommunane som har ansvar for oppfølging og vidare tilbod til dei som oppsøkjer overgrepsmottaket. Har kommunane ansvar for alt, så slepp ein å bli kasta rundt i ein allereie vanskeleg situasjon, sa Djuvik

Fekk gjennomslag

Og når finansminister Siv Jensen skal leggje fram statsbudsjettet onsdag, føreslår regjeringa at ansvaret for mottaka blir i kommunane .

I Sogn og Fjordane har kommunane samla seg om eit felles overgrepsmottak, som har vore i drift sidan sommaren 2012.

Ifølgje Djuvik er målet at overgrepsmottaka skal utviklast til å verte kraftsenter for personar som har blitt utsette for vald. I tillegg skal fastlegar og helsepersonell på legevaktene få kompetanseheving innan feltet vald i nære relasjonar, fortel Djuvik.

– No håpar eg at dei tilsette kan få ro til å byggje opp eit endå betre senter, med høg fagkompetanse, som kan gje menneske i ein svært vanskeleg livssituasjon ein betre kvardag, seier Djuvik.