NRK Meny
Normal

Over tusen menneske møtte opp for å påverke ministeren i E39-striden

Meir enn tusen personar møtte i dag fram for å overtyde samferdsleministeren om å velje midtre alternativ med bru over Anda-Lote som alternativ.

Fleire hundre hadde møtt opp på Nordfjordeid og ferjekaia på Lote då samferdsleminister Kjetil Solvik-Olsen vitja Nordfjord for å sjå på alternativa til nye E39-trasé.

SJÅ VIDEO: Meir enn tusen menneske hadde møtt opp på Nordfjordeid og ferjekaia på Lote då samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen vitja Nordfjord for å sjå på alternativa til nye E39-trasé. Foto: Patryk Smørdal/Redigering: Ole Andre Rekkedal

E39-aksjon på Nordfjordeid

VISTE STØTTE FOR MIDTRE: I sentrum av Nordfjordeid samla folk seg i snødrevet i grålysinga.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Samferdsleminister Ketil Solvik Olsen er i dag i Nordfjord for å for å få innspel om E39. Ei av dei som hadde møtt fram i Eid var Marte Åshamar. Ho håper samferdsleministeren blir imponert over at dei står langs vegen for å vise støtte til det midtre alternativet.

– Å ha ei bru i midten av ein fjord er mykje meir nyttig enn å ha ei bru heilt i enden der ein likevel kan køyre, seier ho.

NRK.no var på staden under markeringa, og reknar med at det var godt over tusen menneske til stades.

Minister på synfaring

Kampen om kvar E39 skal gå i framtida har gått over lang tid mellom Stryn i indre og Gloppen og Eid i midtre. Sistnemnde vil byte ut ferjesambandet Anda–Lote med bru. Alternativet er tunnel gjennom Utvikfjellet og bru mellom Frøholm og Svarstad i Stryn.

Striden om E39 rulla vidare på Ivar Aasen Hotel i Ørsta måndag kveld. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) møtte ordførarar og andre frå heile Nordfjord og Sunnmøre for å få innspel om E39. I dag er han på synfaring langs begge alternativa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oddvin Hansen og fleire andre som vil markere sitt syn i E39-saka

MARKERING LANGS VEGEN: Oddvin Hansen (med flagg) og mange hadde møtt opp for å markere kvar dei meiner E39 skal gå.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Nøgd med oppmøtet

I sentrum av Nordfjordeid samla folk seg i snødrevet i grålysinga. Ein kortesje med traktorar stod langs vegen og folk stod med ballongar og plakatar. Oddvin Hansen er Høgre-mann og har vore med på å organisere markeringa. Han er nøgd med oppmøtet og seier nordfjordingar er flinke til å stille opp.

– Vi ønskjer å ha ei positiv markering for å vise at der E39 ligg i dag, kan den framleis liggje.

Trur han vil lytte

Sjølv om han er Høgre-mann, går han imot indre trase slik partiet hans og Frp lova i valkampen at dei skulle jobbe for.

– Det har vore intern usemje i alle parti, ikkje berre i Høgre. Vi må byggje vegar som stettar regionen og utviklar den til ein bu- og arbeidsmarknad.

– Kor realistisk er det å tru at regjeringa vel midtre?

– Her i Eid har vi god tru på at E39 framleis vil liggje i midtre. No håper vi statsråden vil lytte til argumenta som har kome når det gjeld ny bruteknologi og kostnadsbilete, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ketil Solvik-Olsen

MED FAKLAR: På Anda stod folk klare med faklar då samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen kom.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Solvik-Olsen: Har ikkje tid å spele skodespel

Ketil Solvik-Olsen og ferjekapteinen

PÅ FERJA: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen fekk svele og kaffi av ferjekapteinen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Også på ferjekaien på Lote hadde det møtt opp folk for å vise sitt syn i saka. På ferjeturen over til Anda fekk samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen svele og kaffi. Han er imponert over engasjementet han har sett.

– Dette set eg stor pris på. Den vegen vi har i dag er altfor dårleg, og vi har strekningar på E39 utan gul midtstripe. Med mykje tungtrafikk er det viktig å ha gode vegar, det handlar både om å komme seg fram og om trafikktryggleik.

– Kva skal til for å endre Frp sitt syn i denne saka?

– På nasjonalt må vi konkludere før vi endrar det. Eg merkar meg kva Frp-folk i fylket meiner. Det tek vi med oss. Vi tek også med oss standpunkta til Høgre. Vi må også sørgje for at vi har god forankring i Stortinget, difor må vi høyre på alle partane.

– Er det eit spel for galleriet når de no ser på dei ulike trasevala?

– Eg har så mykje å gjere på at å ta ein dag for å vere skodespelar, det har eg ikkje tid til. Dette er høgst reelt og difor har eg også med meg politisk leiing, folk frå embetsverket og vegstellet. Hadde vi visst kva vi ville, hadde vi teke avgjerda allereie. Vi skal vere handlekraftige og ikkje drive uthalingstaktikkar, seier han.

E-39-demonstrasjon på Nordfjordeid

PÅ FERJEKAIEN: Også på Lote hadde folk og bilar stilt seg opp for å markere sitt syn når samferdsleministeren kom køyrande.

Foto: Trond Vestre

Dette er tidsplanen for synfaringa:

  • 08.15 Buss Ørsta-Volda
  • 08.30 Ferje Volda-Folkestad
  • 08.45 Folkestad-Lote Stopp ved brukryssing Voldafjorden og Eid. Medietreff ved Lote ferjekai kl. 09.45
  • 10.00 Ferje Lote-Anda
  • 10.15 Anda-Byrkjelo Korte stopp
  • 10.50 Byrkjelo-Innvik Stopp nord for Byrkjelo, Innvik
  • 11.30 Innvik-Loen Korte stopp
  • 12.00 Hotell Alexandra Kort lunsj
  • 12.20 Loen-Grodås Mediatreff ved Svarstad (kjettingplassen) kl. 12.35
  • 13.10 Grodås-Hareid Stopp Kvivsvegen, Hjartåberga, brukryssing Ørstafjorden, brukryssing Sulesund.
  • Medietreff ved Hareid ferjekai kl. 14.45
  • 15.00 Ferje Hareid-Sulesund
  • 15.45 Ferje Solavågen-Festøy Medietreff om bord i ferja
  • 16.10-16.55 Festøy-Ørsta Stopp brukryssing Storfjorden
E39-markering på Anda

STOD KLARE: På Anda møtte folk opp med flagg og faklar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.