Hopp til innhold

Over tusen møtte kronprinsparet

Godt over tusen menneske var møtt opp på Heradsplassen då kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit onsdag føremiddag kom til Sandane.

Kronprinsparet på Sandane
Foto: Øyvind Torvund / NRK

Det vart ein folkefest med kulturelle innslag frå Gloppen Kulturskule og frå elevar på musikk-, dans- og dramalinja på Firda vidaregåande skule.

Ny og blank ordførarkjede

Ordførar Anders Ryssdal med ei ny og blank ordførarkjede rundt halsen ynskte kronprinsparet velkomne til Gloppen. Han sa seg lei for at han ikkje kunne presentere kommunen i topp ver, men regnet heldt seg iallfall borte under besøket.

 Ros for kultur og omsorg

Kronprins Haakon kvitterte med å rose Gloppen Kulturskule og musikk- dans- og dramalinja ved Firda vidaregåande skule. Han trekte og fram som imponerande det jordbruksskommunen Gloppen har fått til med open omsorg på gardsbruk. Og det var nettopp på ein slik gard Kvia i Breim, at kronprinsparet åt middag. På Kvia vart dei tekne imot av Marit Moldestad.

Vidare til Stryn

Frå Breim gjekk turen vidare til Innvik, der ordførar Nils P. Støyva i Stryn tok imot. Der vart det eit bedriftsbesøk på Innvik Sellgren, før turen gjekk vidare til Stryn og til designmiljøet i bygda.  

Kronprinsparet på Sandane
Foto: Øyvind Torvund / NRK

 

Publikum på Sandane
Foto: Øyvind Torvund / NRK