Hopp til innhold

Øver timevis i snøen for å berge liv

– Det er verdt alle treningstimane om du har klart å berge eit menneske, seier hundeførar Helene Sæterdal.

Redningshunden Nox

GODKJEND: Labradoren Nox er ein erfaren lavinehund. I helga blei han regodkjend.

Foto: Helene Sæterdal

I helga trenar ho og mange andre på leiting etter personar i skred.

– Det er viktig å kunne bidra om uhellet er ute, og eg likar å gjere noko samfunnsnyttig, fortel Sæterdal som både er instruktør og leiar i distrikt Sogn og Fjordane.

17–18 hundar frå Sogn og Fjordane og Hordaland er denne helga i Sogndalsdalen på øvingshelg med Norske Redningshunder. Nokre er nybyrjarar, andre er erfarne lavinehundar.

Kurs for lavinehundar i Sogndalsdalen

LEITAR: Eit område har blitt laga til slik at det ser ut som eit skred har gått der.

Foto: Helene Sæterdal

Trass ei litt regnfull og grå helg, har dei likevel fått mykje trening.

– Ei slik helg er kjempeviktig. Du får trent samanhengande i tre dagar, og du får møtt andre som trenar. Vi får jobba med ukjende oppgåver, og vi lagar oppgåve til kvarandre for å vere meir budde om det går eit skred.

Manglar hundar i Nordfjord

Snødekte fjellsider fristar mange til å gå på toppturar om vinteren. Men blir du teken av eit skred, kan det stå om minutt.

Difor er det viktig å øve på nettopp å søkje gjennom skred. Laurdag var det godkjenningsprøve, og fire av dei seks som prøvde seg bestod testen. Til prøven var det laga til eit område der det skal sjå ut som det har gått skred.

– Det er 150 meter gonger 150 meter. Du har 30 minutt på deg, og det kan liggje inntil tre figurantar i snøen. Ei av gravene skal ha halvannan meter med snø i taket.

I Sogn og Fjordane er det i dag fem godkjende hundar. To i Førde, to i Sogndal og ein i Årdal. Vanlegvis tek det tre år å trene opp ein hund.

– Det er viktig å ha hundane spreidde rundt. På landsbasis er det ein del, men ikkje alle er plasserte strategisk. Her i fylket manglar vi lavinehundar i Nordfjord.

I beredskap for Fjellsportfestivalen

Alt er frivillig arbeid, og dei er i beredskap heile tida. Så langt i år har ikkje ekvipasjane frå Sogn og Fjordane blitt kalla ut på oppdrag, men i fjor var det med på leiting i seks skred.

– Ei slik øvingshelg er viktig for å vere budde når alarmen går, seier Sæterdal.

Til veka startar Fjellsportfestivalen i Sogndal. Då vil dei tre hundane i Sogn vere i beredskap. Dette set festivalsjef Martin Hammer stor pris på.

– Det er mykje aktivitet i fjellet i samband med festivalen. Det er godt å vite at det er folk med mykje kompetanse som er i beredskap, og så får vi berre håpe at det ikkje blir brukt for dei, seier han.

Kurs for lavinehundar i Sogndalsdalen

ØVINGSHELG: Mange ekvipasjar øver i Sogndalsdalen denne helga.

Foto: Helene Sæterdal