Øver på Lovatnet

I kveld frå klokka 16 til 21 skal alle redningsetatane i Stryn kommune øve på Lovatnet. Til stades under øvinga blir både brann, helse, politi, dykkarar, Røde Kors og redningshelikopter. Det melder brannvesenet i Stryn.