Hopp til innhold

Over hundre fekk bøter og reaksjonar under festival

Førarkortbeslag og bilar som blei avskilta på staden. Politiet og Statens vegvesen fekk det travelt då fleire tusen bilinteresserte samla seg i Stryn.

Køyretøykontroll i Stryn

KONTROLL: Statens vegvesen stogga over hundre bilar under festivalen i Nordfjord.

Foto: Ove Garlid / Statens vegvesen

– Dette er alvorleg, seier Ove Garlid i Statens vegvesen.

Han siktar til at Vegvesenet fann feil eller manglar på 106 køyretøy av 142 kontrollerte. Det var Fjordingen som først omtalte saka.

Både politiet og Statens vegvesen hadde kontrollar i samband med Stryn Motorfestival i helga. Brummande motorar, blankpolerte doningar og lukta av motorolje lokkar årleg fleire tusen til bygda i Nordfjord.

– Vi blei forundra over at det var så mange feil og manglar, seier Garlid.

Han og kollegaene nytta ein observasjonspost for å velje ut køyretøy som skulle til kontroll. Bilar som var senka utan godkjenning, bremsefeil på campingvogner og bilistar som mangla førarrett var blant det som blei slått ned på.

– Eg hadde aldri trudd det skulle bli så mykje. Vi har vore på festivalen før og hadde eit håp om at det skulle blitt betre i år, seier han.

Fem førarar blei melde til politiet og to køyretøy blei avskilta på staden.

Politiet gjorde storfangst

Det var ikkje berre Statens vegvesen som vinka inn bilførarar i helga. Langs vegane stod UP klare til å ta fartssyndarar. Også her blei fangsten overraskande stor. Politiet kunne notere 124 forenkla førelegg og 13 førarkortbeslag gjennom helga.

– Dette er tredje året eg har vore med på kontrollar under motorfestivalhelga, og på desse åra har vi aldri teke så mange for brot på trafikkreglane som i år, seier Jarle Paul Opsdal i UP til Fjordingen.

Dei fleste førarkortbeslaga skjedde i samband med høg fart. Den høgste farten vart målt til 137 km/t.

Chevrolet

MOTOR: Dette er eit bilete frå ein tidlegare Motorfestival i Stryn. Tusenvis samlar seg for å sjå lekre doningar.

Foto: Roger Vik / NRK

– Dette er trist

Arrangørane av motorfestivalen har lagt ned mange dugnadstimar for å legge til rette for motorglade folk . Festivalgeneral Jørn Sønsterudbråten legg vekt på at festivalen skal vere ein trygg stad for alle.

– Folk blir gira og nokre blir riven med. Det er viktig for oss at det skal vere trygt for alle som kjem til festivalen.

Sønsterudbråten ber festivaldeltakarane om å halde seg til reglane.

– Tryggleik er viktig for oss, så dette er trist. Vi oppmodar folk til å halde seg til reglane, seier Sønsterudbråten.