Hopp til innhold

Over fire millionar har sett Martin og Emilie trene med bordet

Videoen av Martin og Emilie Olimstad si heftige volleyball-trening blir sett av millionar.

– Det tok litt av ja, humrar Førde VBK-spelaren Martin Olimstad.

På under ein månad har over fire millionar sett videoklippet der syskena spelar volleyball «med» eitt bord i Åmlihallen.

I over eit halvt minutt rullerer syskena Martin og Emilie Olimstad på mottak, opplegg og smash.

– Det vart ei bra trening og eg fekk opp pulsen. Men eg skal vedgå at vi var litt heldige, seier eliteserielaget Førde sin libero, Martin Olimstad.

Måtte vere kreative

Martin Olimstad tek imot saman med Lars Fredrik Tvinde

FØRDE-SPELAR: Martin Olimstad brukte juleferien på å bli verdskjendis saman med systera, Emilie.

Foto: Rune Fossum / NRK

Syster Emilie (17) går andre året på ToppVolley Norge. Pappa Jostein, tidlegare spelar og trenar, stod med mobiltelefonen i handa og foreviga det dei sjølve kallar «juledrill i Åmli».

Filmsnutten spelte dei inn i romjula i heller folketomme Åmlihallen. I over eit halvt minutt spelar syskena på eine sida av nettet ball med bordet på den andre sida.

– Det var jo ikkje så veldig mange andre å trene med, så vi måtte vere kreative. Pappa sette eit bord på skrått, så var det berre å slå på det og halde ballen i gang så lenge som mogleg, fortel Martin Olimstad.

Sjølv om det var mest for moro, måtte dei halde på ei tid før dei fekk det til.

– Etterpå heldt vi på kring ein halvtime til for å få til ei lenger ballveksling, så det vart ei grei trening ut av det, legg han til.

22.000 delingar

Tore Aleksandersen i timeout for Førde

IMPONERT: Tore Aleksandersen (t.h.) kjenner Martin Olimstad frå fleire turar til Førde. – Martin er teknisk god, og eg har høyrt mykje positivt om Emilie, så eg er ikkje overraska over at dei fekk dette til, seier han.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med god hjelp frå trenarar i ToppVolley Norge, spreidde videoen seg verda over etter at Olimstad senior delte videoen på Instagram.

– Eg tenkte det kunne vere inspirerande for andre som trenar åleine, men plutseleg tok det heilt av. Det er kanskje ikkje så rart. For mange i ein av verdas største breiddeidrettar, er øvinga identifiserbar, seier han.

På facebooksidene til volleywood.net åleine har videoen over fire millionar avspelingar, over 22.000 delingar og over 8.400 kommentarar.

– Krevjande

Ein av sjåarane er landslagstrenar Tore Aleksandersen. Han er imponert, men ikkje overraska over prestasjonane til Olimstad-syskena.

Sjølv om dei gjorde nokre forsøk på å få ballveksling med bordet.

– Dette er ein krevjande drill. Ein skal vere teknisk god for å angripe så kontrollert mot bordet gang etter gang, seier Aleksandersen som til dagleg trenar det polske profflaget BKS Profi Credit Bielsko-Biala.

– Eg trur eg kan nesten garantere at ikkje alle på laget hadde fått denne øvinga til å gli så lett, avsluttar han.