Ho investerer pengar i fond som han forvaltar

DNB vil ha fleire kvinner til å investere i fond. Men dei same fonda er det menn som rår over.

Celine Damler er sjukepleierstudent ved HVL og investerer pengar i fond.

FORVALTAR ANNLEIS: Celine Damler trur menn tek fleire sjansar enn kvinner, og at det kan påverke måten fond er forvalta på.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

– Eg har pengar i to fond i DNB, men eg har aldri tenkt på kven som forvaltar fonda, seier Celine Damler, som er sjukepleiarstudent ved Høgskulen på Vestlandet.

I september lanserte DNB kampanjen #huninvesterer med mål om å få fleire kvinner inn i aksjemarknaden.

Men kven har ansvaret for pengane etter dei er investerte i eit fond?

Tala viser at 28 av hovudforvaltarane til DNB er menn – mot tre kvinner.

Elise Thorsnes jublar

OMFATTANDE KAMPANJE: #huninvesterer pryda i helga draktene til Elise Thorsnes og resten av LSK, då dei slo Vålerenga 5–1. Men eventuelle pengar det er snakk om å investere blir ikkje forvalta av eit samla kvinnelag.

Dei tre kvinnene er hovudforvaltarar for fond som til saman er på om lag 14 milliardar kroner.

Det er i underkant av fire prosent av dei om lag 357 milliardane DNB sine fond utgjer.

Dilemma med mannsdominans

– Parallelt burde ein ha ein eigen #hunforvaltar-kampanje, seier Nanna Ringstad i Finansforbundet.

Nanna Ringstad, spesialrådgiver i Finansforbundet.

STRUKTURPROBLEM: Nanna Ringstad i Finansforbundet seier bransjen slit med strukturar som gjer at kvinner opplever at dei ikkje har kapasitet til å ta toppstillingar, sjølv om dei er like kompetente og flinke.

Foto: Marte Garmann

Ho heiar på #huninvesterer, og meiner kampanjen er viktig og god.

– Men det er eit dilemma at mesteparten av pengane blir forvalta av menn, seier ho.

Ifølgje Ringstad er det typisk for bransjen at menn held posisjonane på toppen.

– Finans er ein kjønnsbalansert bransje, med omtrent like mange kvinner som menn, men når ein ser på direktørar og banksjefar byrjar biletet å bli ganske så skeivt.

Ei undersøking gjort av Morningstar frå 2016 viser at kvinnelege fondsforvaltarar er ein sjeldan sort.

I Noreg er omtrent 1 av 10 fondsforvaltarar kvinner. Til samanlikning har Spania, Frankrike og Portugal over ein femtedel kvinnelege forvaltarar.

Meir ujamt på papiret

– Det her er eit «work in progress», og vi er overhovudet ikkje i mål, seier Anette Hjertø.

Ho er leiar for Kvinner i Front-finans og porteføljeforvaltar i DNB.

Anette Hjertø, leiar for Kvinner i Front-finans og porteføljeforvaltar i DNB.

HANDLAR OM UTDANNING: Anette Hjertø påpeiker at ein viktig grunn til at det er lite likestilling i fondsforvaltning er at det er ein mangel på kvinner som utdannar seg innan finans.

Foto: Stig B. Fiksdal / DNB

Hjertø presiserer at forvaltninga av fond er gjort som lag, og at åtte kvinner i banken er med å forvalte fond, som del av eitt eller fleire lag.

– Kven som er hovudforvaltar er ein teknikalitet, fordi alle på teamet har ansvar for avkastninga til fondet, seier ho.

Ingen av DNB sine fond er forvalta av berre kvinner. Dei tre kvinnelege hovudforvaltarane deler begge rolla si med minst éin mann.

På si eiga nettside tek #huninvesterer for seg ulike utfordringar knytt til kjønn og likestilling. Men kjønnsbalansen blant fondsforvaltarar er ikkje eit tema.

– Det kan godt hende vi ikkje har diskutert denne problemstillinga i stor nok grad i satsinga, seier Anette Hjertø.

Trur menn er meir interesserte

Celine Damler, Julie Felde, Helena Sæbø Nes og Helene Sylvarnes utfor HVL Campus Førde.

ULIKE OPPFATNINGAR: Celine Damler og hennar medstudentar har ulike syn på kor stort problem det er at så mange fleire menn enn kvinner er forvaltarar.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Celine Damler og tre av studievenene på Høgskulen seier at dei opplever fond og investering som framand. Damler trur finans engasjerer fleire menn enn kvinner, og at det er ein viktig grunn til den skeive fordelinga.

– Det er dumt at forvaltning er eit så mannsdominert yrke, men eg tenkjer ein vel yrke ut ifrå interesse, seier Damler.