Hopp til innhold

Over 500 kundar manglar internett i Sogn

Brot på ein sjøkabel gjer at fleire av Telenor sine kundar i Sogn står utan internett.

Surfer på internett

RÅKAR KUNDAR I VIK OG BALESTRAND: Over 500 kundar står utan internett i Sogn.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Vi sel produkt til ulike nettbutikkar, så vi er avhengige av internett for å halde tritt med ordrar, seier Knut Mykkeltvedt i Vik.

Han er ein av fleire kundar i Sogn som no står utan internett, men han er ikkje aleine. Brot på ein sjøkabel har sidan fredag råka 300 av Telenor sine kundar i Vik og 230 kundar i Balestrand.

Mykkeltvedt tykkjer Telenor har vore dårlege på å informere.

– Eg etterlyser meir informasjon frå Telenor. Dei burde i det minste sendt ein SMS for å informere oss

Telenor håpar det heile er løyst til i kveld

Telenor opplyser om at dei no vil oppdatere kundane sine.

– Vi har ikkje sendt ut SMS, men lagt ut driftsmeldingar på våre nettsider. No skal vi sende ut ein kort statusoppdatering til dei kundane dette gjeld, seier informasjonssjef i Telenor, Caroline Lunde.

Det er uvisst kva tid kundane vil få tilbake internett.

– Feilen er lokalisert og vi håper på å løyse dette i kveld. Vi har eit sjøkabelskip som er på veg, men dette skipet må innom Bodø først. Samstundes ser vi på andre løysningar, seier Lunde.