Hopp til innhold

Over 45.000 har delt debattinnlegget til Marion om den norske bonden

– Det var så uventa, men utruleg kjekt. Eg ville berre gi mitt vesle syn i eit mylder av kommentarar om landbruksoppgjeret, seier ei oppglødd Marion Solheim frå Hyen i Gloppen.

Marion Solheim

HAR ENGASJERT MANGE: Debattinnlegget «Guud kor billig!» har blitt delt over 45.000 gonger i sosiale medium på litt over eit døgn.

Foto: Anne-Sidsel Herdlevær

«- Her lille venn, mamma har laga deilig svinesteik til deg. Den er proppa med den multiresistente stafylokokkbakterien MRSA CC398, som har begynt å ta livet av danskane. Men guuud kor billig den var, gap opp!»

På same måten som eg kjenner at vegrar meg for å kjøpe klede eg veit er laga av barnearbeidarar, så har eg tungt for å glefse i meg daue dyr eg veit er produsert på store fabrikkar.

Frå innlegget «Guud kor billig!»

Slik startar Marion Solheim frå Hyen sitt debattinnlegg i Bergens Tidende der ho jublar over den norske bonden som produserer smått, men godt.

Har hagla inn med meldingar

Fredag ettermiddag har innlegget blitt delt 45.000 gonger på Facebook og over 400 gonger på Twitter.

– Eg hadde aldri trudd innlegget skulle bli delt så mykje, eg ville vore nøgd om berre eit vener hadde kikka på det. No har det hagla inn med epostar og meldingar og eg vil takke alle som har engasjert seg og delt innlegget, seier ho.

Slår eit slag for sunt bondevett

Marion Solheim

TYKKER DET ER UTRULEG: Det har strøymt på med tekstmeldingar og epostar etter at Marion Solheim sa sin meining om landbruksoppgjeret.

Foto: Anne-Sidsel Herdlevær

Den tidlegare NRK-journalisten jobbar i dag som kommunikasjonsrådgjevar ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Ho er odelsjente i Hyen og har teke sine tak i siloen der, men har ikkje tenkt på bli bonde sjølv. Ho er likevel svært oppteken av maten vår og vilkåra til bonden.

– Eg meiner det handlar om korttenkt mat. Eg er mot tankegangen til Framstegspartiet der dei ikkje tenkjer på at det er levande vesen og kva vi puttar i oss. Eg tykkjer det er mykje fakta som har blitt utelate frå denne debatten, så eg ville slå eit slag for sunt bondevett, seier ho.

Mange har kommentert under innlegget hennar. Mange er einige, medan andre ikkje er det.

– Men det er overraskande få. Eg har også kasta meg inn i kommentarfeltet og delteke der. Nokre kallar meg ei jente med eit naivt lite syn. Dette er hersketeknikkar. Eg er ikkje ei jente og det er lenge sidan eg var naiv.

Tykkjer bonden blir framstilt uverdig

Det mest ironiske er å treffe på byfolk som gladeleg betalar 3000 kroner i månaden for at den sjuke bikkja skal ha spesialdiett, men i neste sekund stønnar og okkar seg over norske kjøtprisar.

Frå innlegget «Guud kor billig!»

Ho har ei klar meining om kvifor mange engasjerer seg i temaet trass at bøndene er ei lita gruppe i Norge.

– Er vi ikkje alle bønder, i alle fall nokre generasjonar tilbake? Det handlar om det vi skal ete. Eg trur det rører noko fundamentalt i oss. Vi er eit landsens folk i Norge. Sjølv om mange bur i Bergen eller Oslo, skal vi ikkje så langt tilbake før ein kjem frå gard, seier ho.

– Men er det ikkje noko positivt ved å drive større og meir lønsamt som regjeringa ønskjer?

– Eg vil ikkje begi meg inn på det. For meg er nøkkelordet verdigheit. Debatten har blitt så ubalansert og lite faktaorientert. Folk trur bønder veltar seg i subsidiar. Det er berre tull. Eg tykkjer det er uverdig at bøndene blir framstilte på denne måten. Vestlandsbonden som eg kjenner, er den mest hardtarbeidande eg veit om.

– Bonden må vere frekkare

Men sjølv om ho skryt mykje av bonden, er det ein ting Solheim ikkje er nøgd med.

– Bonden er kanskje litt for grei og sindig. Han må ikkje la seg overkøyre av pampar med store ord. Eg tenkjer at vi av og til må slå i bordet og fortelje kva som ein er verdt og kva ein produsere. Bøndene må vere meir frampå og litt frekkare.

– Får vi meir engasjement frå deg rundt landbruksoppgjeret og den norske bonden etter den enorme responsen du har fått?

– Eg tykkjer det er kjekt å engasjere seg, så dette er sikkert ikkje det siste frå denne kanten, ler ho.