NRK Meny
Normal

Over 400 år gammalt, men framleis aktuelt

SANDANE (NRK): Kjærleiken er noko elevane kan kjenne seg igjen i, sjølv om Shakespeare-komedien er over 400 år gammal. I dag har Firda vidaregåande premiere på Ein midtsommarnattsdraum.

Musikal på Firda vidaregåande på Sandane

ØVING: Angy Avendano og Sandra Edith Tenud går siste året på vidaregåande og spelar tenaren Puck og alvekongen Oberon i Firda vgs sin versjon av Ein midtsommarnattsdraum. Her på øving nokre dagar før premieren.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Shakespeare blir jo aldri gammalt. Det at du er forelska i ein person, som ikkje er forelska i deg tilbake er jo noko ein alltid kan kjenne seg igjen i, seier Sandra Edith Tenud, som spelar alvekongen Oberon i stykket.

Athen og greske gudar er bytta ut med Vestlandet og kjendisar frå samtida.

I dag har tredjeklassingane i musikk, dans og dramalinja på Firda vidaregåande premiere på Shakespeare sin berømte komedie "Ein Midtsommernattsdraum". Denne gongen som musikal.

– I stykket er det fleire parallelle historier. Dei unge som elskar kvarandre, og heller rømmer til skogen enn å risikere tvangsekteskap. Til alvane som praktiserer fri kjærleik, med mykje sjalusi.

Giftarmål, kjønnsroller og legning

Tenud meiner Shakespeare var tidleg ute med spørsmål som framleis er aktuelle.

– Kvifor giftar ein seg eigentleg, er det av praktiske grunnar eller kjærleik? Og finst det eigentleg kjærleik?

I stykket kan ein også sjå karakterane Thesevs og Hypolita, som kan minne noko om Donald og Melania Trump. Målet er å seie noko om kjønnsroller.

– Ein seier at ein har kome så langt, men framleis ser ein likskapar med kjønnsroller og kvinner som ofte er underlegen ein mann. Mykje av dette er likt i dag som då stykket var skrive.

Tenud er homofil, og kjenner det er godt å drøfte ulike former for kjærleik og ekteskap gjennom teateret.

– Eg ser ikkje på ekteskapet på same vis som mange andre. For meg vil det aldri bli det same, det ein ofte forventar at ekteskapet skal vere.

Ho trur Shakespeare sitt syn på ekteskapet var påverka av at han sjølv kanskje var homofil eller bifil.

– Mange av dei vakraste sonettane han skreiv var retta mot menn.

Vil få publikum til å reflektere over kjærleiken

Jonas Øren

KLAR FOR PREMIERE: Jonas Øren er faglærar i dans og produsent for stykket.

Foto: Espen Breivik / NRK

Dyriske kostyme, nakenheit, seksualitet og søppel som kulissar er berre nokre av verkemidla på scena under musikalen.

– Det er det ein gjer i kunst og teater, ein går ut i ytterpunkta for at folk skal kunne gå inn og relatere seg til det ein ser, seier Jonas Øren, produsent for musikalen.

Han meiner det alltid er viktig å kjempe for openheit, kjærleik og toleranse.

– Ein kan aldri kvile på laurbæra når det kjem til å stå for ei sak. Ein må alltid seie meiningane sine høgt, gjer ein ikkje det så har ein ikkje meiningar. Tankar finst det meir enn nok av, vi må ha meiningar i dag!

Musikalen har forestilling 16. og 17.februar.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå