Hopp til innhold

På denne skulen har dei laga bygdeavis i 40 år

LUSTER (NRK): Elevane på Jostedal skule jobbar hardt fram mot desembermånaden. Skrivearbeidet deira held ein over 40 år lang tradisjon i hevd.

BLAR SEG FRAM: Lærar Else Marie Haugen blar seg fram i gamle utgåver. Sjå reportasjen frå Jostedal skule her.

I kjellaren på skulehuset ligg historia til Jostedalen godt bevart. Kvar einaste desember får historia til bygdefolket nok eit kapittel.

På rad og rekke i kjellaren på Jostedal skule ligg avisene sirleg sorterte etter årstal. I hyllene kan raude, gule eller grøne framsider ta bygdefolket tilbake i tid.

– Det er eit gamaldags utval av det vi vil hugse, seier lærar ved Jostedal skule, Else Marie Haugen.

I Jostedal har skuleelevar saman med vaksne laga Jostedal skule- og bygdeavis sidan 1977. Haugen var sjølv med på å lage dei første utgåvene på 70-talet, og hadde aldri trudd det skulle bli til ein fast tradisjon over fleire tiår.

– Avisa er ei felles historie som held bygda saman. Det er unikt at den har overlevd. Vi er stolte over at vi har klart å bevare ho.

– Litt slitsamt

Elevane på Jostedal skule jobbar hardt fram mot desember. Det blir mykje skriving når dei skal fortelje om smått og stort frå året som har gått.

– Det er litt slitsamt, for det er mykje vi skal skrive, men det er kjekt å levere frå seg avisa, seier skuleelev Siri Elise Fossen.

På laurdag kunne heile bygda endeleg halde årets utgåve i handa på Jostedal Hotel.

– Det blir heilt stille etter at folk har kjøpt avisa, for då blar dei seg frå side til side. Folk får vite alt som skjer i bygda, men ikkje sladder, ler Laila Gjerde, som driv hotellet.

Avisa kjem ut kvar desember, men blir like mykje lest året rundt, meiner Gjerde. I bokhylla på hotellet kan gjestane lese gamle utgåver av avisa.

– Dei som er på ferie kjem ofte innom for å kjøpe avisa, og om sommaren er det mange som blar seg fleire år tilbake i dei gamle.

Laila Gjerde

NULL SLADDER: Laila Gjerde på Jostedal Hotel gler seg til kvar desember.

Foto: KAIA JOHNSEN VIKI / NRK