Hopp til innhold

Over 30 nye aksjonærar på plass i går - ventar opning mai 2017

Dei siste kronene for å fullfinansiere gondolbana og resten av prosjektet knytt til Hoven Loen er på plass.

Gondolbane til Hoven i Loen.

I RUTE: Hoven Loen skal ta folk frå fjord til 1000-metershøge fjell ved hjelp av ei gondolbane. Allereie lenge før oppstart har folk teke kontakt for å bestille plass på restauranten på toppen.

Foto: Illustrasjon: Aaland Arkitektkontor

– Vi er i god rute og i full gang med bygginga. Vi seier opninga blir tidleg mai 2017. No blir det veldig mykje meir aktivitet framover, fortel dagleg leiar for prosjektet, Richard Grov.

Over 200 millionar kroner må til for å kunne fullføre prosjektet, som er unikt i Noreg. Gondolbana skal frakte turistar som kjem til Loen opp frå den klare blå fjorden til snødekte fjell på over 1000 meter. På toppen blir det eit opplevings- og informasjonssenter i tillegg til ein restaurant.

Over 80 aksjonærar har trua

– Vegen opp er ferdig og køyrbar. På generalforsamlinga i går teikna vi ytterlegare aksjekapital. Vi er veldig godt nøgde, seier Grov.

Før forsamlinga hadde ein nær 50 aksjonærar, og onsdag kveld teikna over 30 seg på lista. Prosjektet er fullfinansiert, og har no ein aksjekapital på over 100 millionar kroner og eit lånetilslag på 105 millionar. Dei tre største aksjonærane er Hotel Alexandra AS, Nordfjord Kjøtt AS og Stryn kommune. Også leverandøren av gondolbana og

Hotelldirektør ved Alexandra

MOTIVERT: Richard Grov har investert mykje i Hoven Loen. For han e det ekstra kjekt å sjå at så mange andre små og store verksemder, men også private har opna lommeboka for å få fullført prosjektet.

Foto: Silje Guddal / NRK

entreprenøren har investert i prosjektet.

– Suverent med gondol

Også mindre verksemder lokalt og regionalt har spytta i pengar til prosjektet. Det same har fleire privatpersonar. Ein av dei er Helge Leif Nordvik frå Førde. Han vart klar over prosjektet då han arbeidde i NVE og var med rassikringsarbeidet av Gjølmunna, som var eit av krava for å i det heile kunne starte Hoven Loen.

– Eg fekk trua på anlegget. Å kome seg raskt på fjellet, og ha sykkelstiar, turstiar og langrennsløyper på 1000 meter er eit fantastisk tiltak, seier aksjonæren.

Han er til vanleg ingen stor aksjekjøpar, men når dette prosjektet lyste etter investeringsvillige var han snar med å teikne seg for 50 aksjar.

Helge Leif Nordvik har investert i Hoven Loven.

AKSJONÆR: Helge Leid Nordvik er ein av mange privatpersonar som meiner Hoven Loen er eit så godt prosjekt at han har leita opp pengar frå lommeboka for å støtte det.

Foto: Privat

– Eldre folk som ikkje kan gå i terrenget og no kan kome seg høgt opp og spasere der. Stryn har også eit aktivt skimiljø i verdstoppen, og her kan dei få løyper på 1000 metershøgde, seier Nordvik.

For dei som står i bresjen for prosjektet fell det i god jord at private og andre også ser potensialet.

– Det er ein kjekk motiveringsfaktor å ha med seg så mange som trur på prosjektet, seier Grov.