Hopp til innhold

Over 30 millionar i pluss etter første halvår

Trass lågare kraftprisar aukar Sunnfjord Energi dei seks første månadane i år resultatet med åtte millionar kroner samanlikna med same tid i fjor.

Sunnfjord Energi sitt hovudkontor i Førde.

KRAFTPRODUKSJON: Sunnfjord Energi med 30, 3 millionar i pluss i første halvår.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Driftsresultatet første halvår enda på 30,3 millionar kroner.

Nettverksemda og breibandverksemda leverer betre enn fjoråret.

– Desse verksemdene har gått betre enn budsjettert, noko som skuldast god kontroll med kostnader og eit godt salsvolum, seier administrerande direktør Fredrik Behrens.

Låge prisar, men større produksjon

Fredrik Behrens

BUDSJETTERER MED OVERSKOT: Fredrik Behrens er administrerande direktør i Sunnfjord Energi.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sjølve kraftproduksjonen er påverka av låge prisar, men dei låge prisane blir for ein stor del kompensert av større produksjon i vinter og vår.

– Det gjer at det ikkje slår så negativt ut, seier Behrens.

Budsjetterer med overskot

– Vi ventar oss nok ikkje noko stort år i år. Det er svært låge kraftprisar no i sommar, og då spørst det kor lang tid det tar før dei kjem opp på det vi kan kalle normale prisar, seier Behrens.

Konsernet har storparten av kraftproduksjonen sin i andre halvår, og utviklinga i kraftpris vil ha stor betydning for driftsresultatet ved årsslutt. Gjennom sommaren har kraftprisen falle til eit svært lågt nivå.

– Dette er ei utfordring for selskapet, men hyggeleg for kundane som betaler mindre for straumen. Årsaka til den låge kraftprisen er stor tilgang på energi i marknaden, seier Behrens.

Nedregulering

I tredje kvartal er Sunnfjord Energi pålagt nedregulering av produksjonen. Pålegget skuldast manglande kapasitet i straumnettet i Sogn og Fjordane som følgje av bygging av ny sentralnettlinje gjennom fylket.

– Kor stor effekt produksjonsnedreguleringa får på årsresultatet blir avhengig av både kraftpris og nedbørsmengde i perioden, seier Behrens.