NRK Meny
Normal

Over 2000 ringde krisetelefonen i jula

Gjennom juledagane tok Kirkens SOS i mot 2118 telefonar frå folk som slit. Fleire og fleire vel no å ta kontakt via nettprat.

Kirkens SOS svarer på telefon

MANGE TELEFONAR: Kirkens SOS svarar på telefon døgnet rundt, og mange har ringt inn i jula.

Foto: Hilde Martine Lindgren

– Det er aldri noko i vegen med pågangen, seier Greta Gramstad, leiar i Kirkens SOS i Bjørgvin, som har kontor i Førde og Bergen.

Frå 22. til 25. desember ringde 2118 personar Kirkens SOS sin krisetelefon i Norge. Det er rundt 300 færre enn i same tidsperiode i fjor.

– Eg trur fleire og fleire vel å skrive. Tala for dette er ikkje klare, men eg trur det tiltalar mange at det er mogleg å skrive, seier Gramstad.

– For dyrt å ringe

Moglegheita til å prate med dei frivillige rådgjevarane over internett er ikkje ny, men stadig fleire gjer det, seier Gramstad.

Greta Gramstad

GRETA GRAMSTAD.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er billegare, gratis, å skrive. Dei siste åra har det blitt dyrare og dyrare å ringe, for teleselskapa skrur opp prisen på 815-nummer, som Kirkens SOS har hatt i mange år. Det har blitt ein vond ting for oss.

Ho fortvilar over den utviklinga.

– Det er forferdeleg dersom ein pris skal hindre folk i å ringe når dei har det vanskeleg.

Får nytt, billegare, nummer

Folk som har det vanskeleg kan ta kontakt, anten munnleg via telefon eller skriftleg via nettprat eller meldingar.

– Dei som ringer snakkar om alt frå sjølvmordstankar til mindre forferdelege ting. Det er mykje einsemd, ikkje minst i jula, seier Gramstad, som presiserer at dei ikkje er ein vennetelefon, men ein telefon for folk som slit og treng å prate.

– Det er noko med å sette ord på ting og dele. Ofte når me har det vondt får me eit slags tunnelsyn. Det blir veldig trongt og vondt og innsnevra. Når me byrjar å snakke med folk utvidar det seg ofte. Målet er å gje kraft og håp til å klare å gå vidare i livet sitt.

Og no kan også dei med dårlegare råd, som ikkje vil nytte nettpraten, glede seg til nyåret. Då får krisetelefonen nytt nummer.

– Då vil det bli gratis for dei som har gratis ringing via abonnementet, og veldig billeg for alle andre. Det er kjempeviktig, og noko me har kjempa for lenge, seier Gramstad.

Roleg jul på krisesenteret

Wenche Hovland, dagleg leiar ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane, seier dei har hatt liten pågang i sjølve juletida. Både på telefon og av folk som har kome for å bu på senteret.

– Ein person kom på natta på julaftan, elles har det vore roleg. Men det var mange her frå før, så vi var rundt 20 til bords på julaftan. Mange born feira jul her, seier ho.

Og der fekk dei ei fredfull feiring med julestemning, mellom anna takka vere dei to hotella i Florø, som sette opp juletre der folk kunne legge ned gåver til dei som er på krisesenteret.

–Det kom over 400 pakkar til senteret, og det er veldig stas, seier Hovland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.