Hopp til innhold

Over 200 orienterer ultralangt

Laurdag blir NM i ultralang orientering avvikla i Førde. Over 200 løparar har meldt seg på til kraftprøva med løypelengder på godt over to mil.

Løypeplanlegginga starta for over to år sidan, og tysdag plasserte løypesjef Helge Schei ut dei første postane.

NM-løypa som mennene skal orientere seg gjenom er 23 kilometer i luftlinje, med 39 postar utplasserte i furuskog og til dels myrlendt og kupert terreng. Kvinnene orienterer i ei løpe med ideallengd på 15, 6 kilometer, der vinnartida er rekna til omlag to timar. For dei beste mennene vil kraftprøva vare minst to og ein halv time.

Dei fremste orienteringsløparane i Noreg er påmelde. Mellom anna stiller landets beste kvinnlege o-løpar, Marianne Andersen.

I herreklassen er det ingen soleklar favoritt, men alle dei beste er med, mellom dei medaljevinnarane frå i fjor.

Men både gamle og litt yngre revar skal få nok å bryne seg på i NM-løypene, seier løypesefen.