Over 17.000 laksar rømde

Ei nærare oppteljing viser at 17.213 laksar rømde frå Slakteriet Brekke i helga. Det er nær 7.000 meir enn det som først var varsla. Undersøkingar viser at ein båtpropell har laga eit seks kvadratmeter stort hol i ventemærda slik at fisken rømde, opplyser Fiskeridirektoratet til NRK. Til no er vel 600 laks fanga att.

Slakteriet Brekke, Gulen
Foto: Gøril Sætre