Hopp til innhold

Over 16.000 har allereie gjort det

Så langt har heile 16 430 personar førehandsrøysta i Sogn og Fjordane til stortingsvalet på måndag.

Stemmeseddel og stemmeurne

KVEN FÅR DI RØYST: Måndag 9. september er det stortingsval. Blir det regjeringsskifte eller ikkje? Framleis usikker? Prøv Valgomaten lenger nede på sida.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Det er om lag 20 prosent av alle som har røysterett i fylket. I 2009 røysta 13600 før valdagen.

Bremanger har vore ein av prøvekommunane til å stemme på internett og det har 792 personar gjort. Dette er eit tal valsekretær Hilde Midtbø i Bremanger kommune er svært nøgd med.

– Vi tykkjer dette har vore veldig bra i forhold til kor mange innbyggjarar vi har. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå nøgde brukarar og vi ser at folk som elles ikkje ville røysta, no deltek i valet, seier ho.

Stor oppslutnad så langt

Over heile landet har det vore stor oppslutnad ved førehandsrøystinga. Då den var avslutta fredag kveld, hadde over 842 000 av veljarane i Norge bestemt seg. Dette betyr at ein av fire veljarar har sagt kven dei meiner skal styre dei fire neste åra.

Totalt kan 3,6 millionar personar gi frå seg si røyst ved årets stortingsval. Av dei hadde over 757.000 hadde stemt på papir, medan over 70 000 veljarar i dei tolv prøvekommunar hadde førehandsrøysta via internett.

På valdagen måndag kan veljarane berre røyste i den kommunen der dei stod i manntalet per 10. juli. I 206 kommunar i Norge kan folk røyste på søndag også, mellom dei er Aurland og Fjaler.

Har du ikkje bestemt deg?

Veit du enno ikkje kva du skal røyste? Klikka på ei av lenkene under så kanskje du blir litt klokare.