Hopp til innhold

Over 11 000 har stemt på Årets kulturidé - følg kåringa på radio

Over 11 000 har stemt på kven dei meiner bør vinna tittelen Årets kulturidé i Sogn og Fjordane, samt 100 000 kroner. Kåringa kan du fylgja direkte i vår ettermiddagssending på radio.

Finaleheatet i Årets kulturidé

FINALISTANE: Ein av desse ti stikk av med tittelen Årets kulturidé 2012 i Sogn go Fjordane.

Foto: Fotomontasje / NRK

Over 11 300 har vore innom NRK sine heimesider og stemt på kven dei meiner skal få med seg tittelen Årets Kulturidé 2012 i Sogn og Fjordane, samt 100 000 kroner.

Om lag klokka 15.45 avslører Laila Beathe Førde i juryen kven som stikk av med tittelen Årets kulturidé 2012 i Sogn og Fjordane.

Du kan fylgja kåringa direkte i vår ettermiddagssening på NRK Sogn og Fjordane. Heile radiosendinga blir i dag sendt frå Balestrand, med live-musikk, gjester og dei 10 kandidatane.

Samstemt jury og publikum

Laila Beathe Førde

JURYMEDLEM: Laila Beathe Førde

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me bestemte oss for at publikumsstemmene skulle vera tungtvegande, so om me i juryen vart ueinige so skulle publikum bestemme. Men både juryen og publikum har vore samstemte, so det har vore veldig enkelt sånn sett, seier Førde.

Det skal kårast éin vinnar av dei ti finalistane, som får 100 000 kroner.

– Det vart nesten litt for lite krangling om kven som skulle vinna, ler Førde.

Følg oss på radio

Det er sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane som deler ut prisen, i samband med NRK Sogn og Fjordane.

Klart for sending

FØLG OSS FRÅ KLOKKA 14: Stian Sjursen Takle og Gro Ravnestad er dagens programleiarar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dagens programleiarar, Gro Ravnestad og Stian Sjursen Takle, gler seg til å dela ut prisen for Årets kulturidé.

– Me gler oss veldig mykje. Det skjer veldig mykje spennande rundt i Sogn og Fjordane. Dei som er med her jobbar for at andre skal ha det kjekt, og ikkje for eiga vinning, seier Ravnestad.