Hopp til innhold

Over 1000 barn og vaksne i kø for gratis ferie

Svært mange familiar står denne sommaren på venteliste for å få vere med på ein gratis «Ferie for alle» i regi av Røde Kors. Organisasjonen er uroa fordi pågangen stadig aukar.

Nilsen og Flæte

FERIE FOR ALLE: Bente Nilsen og Berit Flæte er glade for at mange kjenner til tilbodet deira om ein gratis ferie. Men at dei ikkje har plass til alle er noko dei beklagar sterkt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Aldri før har så mange familiar med barn søkt om å få vere med på ein av dei gratis ferieleirane som organisasjonen har.

I kvart einaste fylke blir det stadig fleire familiar som ikkje har råd til å feriere, og over 1000 vaksne og barn på landsplan står denne sommaren på venteliste til Røde Kors sitt gratis ferietilbod.

– Dette er veldig trist

Berre i Sogn og Fjordane har 310 personar søkt om å få vere med på ferie. Dette er ei dobling sidan i fjor, og for mange til at Røde Kors greier gje eit tilbod til alle.

Koordinator for «Ferie for alle»-tilbodet i Sogn og Fjordane Røde Kors, Bente Nilsen, likar svært dårleg at dei har nesten 100 personar dei ikkje greier gje tilbod til.

– Dette er veldig trist. Kriteriet vårt er at familien må ha ein svak økonomi over lengre tid, og det er urovekkjande å vite at dette gjeld så mange.

– For barn er det veldig viktig å få eit avbrekk frå kvardagen sin, og difor er ferie så viktig, seier Nilsen til NRK.no.

– Viktig å ha noko å gle seg til

Born som leikar utan uro for nokon ting er for mange ein sjølvsagt del av sommaren. Men for mange blir desse vekene øydelagt av at dei ikkje får reise på ferie som alle andre.

Kor vidt det å reise på ferie er ein menneskerett kan ein diskutere, men Nilsen er klar på at det er viktig for born å få nye opplevingar som dei kan dele med andre.

– Det å ha noko å snakke om, både før ein skal på ferie og etter ein har vore på ferie, og det å ha noko å gle seg til er viktig for borna, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kallithea, Rhodos

SYDEN: For mange barn er det å reise til syden noko av det dei har mest lyst til. Men mange har ikkje råd til det, og knapt nok til noko anna form for opplevingar utanom det vanlege.

Foto: Per-Olof Lundgren / Ving

– Som å kome til syden

Og nettopp dette er det Røde Kors over heile landet legg alle klutar til for å få til.

Over heile landet er det til saman 35 ulike leirar i løpet av sommaren, der barn og vaksne får vere med på ulike aktivitetar. Berre i Sogn og Fjordane er det over 200 vaksne og barn som får vere med på ein såkalla «Ferie for alle»-leir på Hauglandssenteret i Fjaler.

– Vi søkte oss hit fordi vi ikkje har moglegheit til å reise på ferie. Vi har ikkje økonomi til å reise til syden slik ungane vil. Sjølv om vi ikkje bur så langt unna, så var det litt som å kome til syden første dagen vi kom hit, fortalde ei mor om opphaldet på leiren i fjor sommar.

100 personar på venteliste

Sidan då har pågangen blitt så stor at Sogn og Fjordane Røde Kors har auka på med ein ekstra leir. Sjølv om kapasiteten altså er dobla, står rundt 100 personar på venteliste.

Det beklagar Bente Nilsen sterkt.

– Dei som søker er ofte familiar der mor eller far er åleine om omsorga, eller der ein eller to av foreldra er uføre, noko som gjer at dei har ein stram økonomi gjennom heile året. Ferie er ein av dei tinga dei ikkje vel å bruke pengar på, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hauglandssenteret og UWC i Fjaler.

LEIR: Hit til Hauglandssenteret i Fjaler skal over 200 vaksne og barn få reise på ferie i løpet av denne sommaren. Leirane er i regi av Røde Kors.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Dette må vi ta på alvor

På landsplan er det i dag over 80.000 born som lever under fattigdomsgrensa. Familiane til desse borna har som regel ikkje råd til å reise på ferie.

Alfred Bjørlo (V) under fylkestinget i Førde 12. mai 2013.

VIL TA GREP: Ordførar Alfred Bjørlo meiner fleire må ta grep for å gjere noko med situasjonen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), er ein av dei mange som synest dette er trist.

– Dette handlar om å det å falle utanfor fordi ein ikkje har råd til å gjere det alle andre gjer. Det er ekstremt høge krav i dag, og dette set eit stort press på dei familiane som ikkje har råd.

– Dette er eit ansvar vi som samfunn må ta på alvor, seier han.

Det er kommunane som organiserer søknadane frå familiane til Røde Kors. Men sidan kapasiteten på Røde Kors-leiaren er sprengt, har fleire kommunar valt å ha eigne tilbod til desse familiane i sommarferien.

– På Eid blir det arrangert noko som heiter "Sommarcamp" i regi av Haugen Idrettslag i samarbeid med kommunen. Dette er eit tilbod som skal sikre barn i Eid aktivitetar. Vi prøver leggje til rette for at det skal vere plass til alle, også barn i familiar med dårleg råd og barn som har andre spesielle behov, seier Bjørlo.

– Dette er synd

Den første leiren Røde Kors arrangerer på Hauglandssentret i Fjaler i år startar neste veke, men det var i år altså mange som ikkje fekk plass.

Generalsekretær i Norges Røde Kors, Åsne Havnelid, seier situasjonen dessverre er lik i mange andre fylke. Over heile landet opplever dei stadig større pågang frå familiar som søkjer om å få ta del i ein slik« Ferie for alle».

- I år har vi så langt gitt plass til 1600 barn og vaksne, men det er over 1000 vi framleis ikkje har plass til.

– Dette er synd, men vi er samtidig glade for at folk kjenner til tilbodet vår. Vi håpar vi får meir økonomiske ressursar, for vi har frivillige og kapasitet til å gi fleire plass, seier ho.

Kostar ein halv million

For det er pengar det står på. Bente Nilsen og Berit Flæte som er distriktsrådsleiar for omsorg i Sogn og Fjordane Røde Kors seier ein leir med 100 gjestar kostar ein halv million kroner.

Flæte er heilt klar på at dette er verdt kvar einaste krone.

– For dei som ikkje har andre tilbod er dette veldig viktig. Det gir dei noko å gle seg til, og barna har noko å snakke om når dei kjem tilbake til skulen på hausten.

– Men er det ein menneskerett å reise på ferie?

– Det er kanskje ikkje det, men vi skulle kanskje ønskje det? Det å oppleve andre ting, kome seg fekk frå kvardagen er noko vi alle kjenner behov for. Dei som får vere med på slike leirar seier ofte at det er det beste dei har vore med på, seier distriktsrådsleiaren.

Vil sikre samarbeid

Ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo, vil sjå på om kommunane kan samarbeide med Røde Kors for å auke kapasiteten på ferietilbodet.

– Eg synest det er viktig at vi jobbar saman med Røde Kors om dette.

– Med det høge velstandsnivået vi har i dag, og dei enorme krava som blir sett til pengebruk og status også på ferie, så er det ingen grunn til å tru at dette problemet vil forsvinne over natta i åra som kjem, seier han.