NRK Meny

Over 100 millionar i pluss

Kraftselskapet Sogn og Fjordane Energi, SFE, fekk i fjor eit årsresultat på 113 millionar kroner. Det er 24 millionar kroner betre enn i 2014 sjølv om kraftprisane er dårlegare. Det er føreslått at eigarane får betalt ut 60 millionar kroner i utbyte. Sogn og Fjordane fylkeskommune får nesten halvparten av dette. Det endelege utbytet blir bestemt på generalforsamlinga i morgon.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.