Hopp til innhold

Fortvila og provoserte over at skular kan forsvinne

Over 100 elevar i grunnskulen står i fare for å misse skulen sin det komande halvåret i Sogn og Fjordane.

Flatraket skule

NEDLEGGINGSTRUGA: Flatraket skule i Selje kommune er berre ein av mange skular i fylket som står i fare, når mange kommunar no må spare pengar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Både i Selje, Naustdal og Balestrand er det kommuneøkonomien som er bakteppet.

Det er reprisekjensle på Flatraket. Nok ein gong vil skulen med 46 elevar stå på lista over forslag til kutt. FAU-leiar ved skulen i Selje, Arve Martin Husevåg, seier nedlegging kan få store konsekvensar:

– Vi blir veldig provoserte. Folk i bygda blir provoserte og foreldra blir provoserte, seier han og legg til:

– Mange foreldre er heilt bastante på at dersom nedlegginga vert eit faktum vil dei søke om å flytte borna til nabokommunen tilhøyrande barneskular der. Det vil gje ein kostnad for Selje kommune, seier Husevåg.

Meiner nedlegging er ulogisk

Arve Martin Husevåg

UROA: FAU-leiar ved Flatraket skule, Arve Martin Husevåg.

Foto: Privat

Det er reprisekjensle på Flatraket. Nok ein gong vil skulen med 46 elevar stå på lista over forslag til kutt. Kommunen må spare pengar, og det kan føre til lange avstandar for små barn.

– Det er enorme konsekvensar. Vi snakkar om ungar heilt ned i fem og eit halvt års alder, og bussturen frå Flatraket til Selje tek 45 minutt, seier Husevåg

Han ser ikkje logikken i ei nedlegging.

– Flatraket er bygda som har hatt vekst og statistisk kjem til å ha vekst i barnetalet. Selje kommune har ein visjon om 100 nye innan 2020. Vi klarar ikkje å sjå at nedlegging av barneskulen er eit rett steg mot den visjonen.

– Sparing på skular gir mindre folketal

Husevåg er ikkje den einaste som rustar seg til kamp for skulen.

I Naustdal skal politikarane vurdere om Dalen skule med 45 elevar skal stenge dørene.

I Balestrand kan ti elevar ved Nesse- og tre ved Fjordtun oppvekstsenter bli flytta til Sagatun skule i Balestrand. FAU-leiar Ida Linde trur det vil slå tilbake på kommunen.

– Å spare på skulane er feil. Resultatet vil nok bli at mange flyttar, og at kommunen mister innbyggjarar, seier Linde.

Lei av koplinga mot eigedomsskatt

I Selje stemde fleirtalet i kommunestyret nei til eigedomsskatt – som kunne gjeve pengar i kommunekassa. Varaordførar Gunn Sande frå Sp stemde nei. Ho meiner det ikkje treng å bety skulekutt.

– Eg skal vere med å velje mellom pest og kolera. Å legge ned ein skule med 46 elevar og elevgrunnlag synast i dag ikkje realistisk i mine auge.

Ho er lei av koplinga mellom eigedomsskatt og kuttlister

– Eg tykkjer vi skal slutte å hausse opp dette greiene. Her må ein faktisk inn å sjå på eige hus før ein skal sjå på eigedomsskatt. Eg skal ikkje seie at eg kjem til å seie nei til eigedomsskatt i all framtid. Men då må vi ha fått drifta ned på eit nivå som gjer at vi faktisk kan drive for pengane vi har, seier Sande.

Eigedomsskatten er velkomen på Flatraket.

– Meir enn gjerne. Signala eg får som FAU-leiar er at folk og foreldre gjerne ønsker å betale den skatten for å kunne behalde grunnleggande viktige tenester i kommunen, seier FAU-leiar Arve Martin Husevåg.