NRK Meny
Normal

Over 10 000 på Utkant

Over 10 000 tok turen til Utkant og feira sommaren og festivallivet. Det er rekord for festivalen.

Med strålande vêr og over 10 000 besøkande denne helga vart det nok ein rekord for Utkant-festivalen i Gulen.

Utkantfestivalen

FINT VÊR: Det gode vêret fekk mange til å ta turen i båt til festivalen, og stemninga var god.

Foto: Tarjei Langeland

Stor suksess

- Det har vore ei heilt fantastisk helg og vi har hatt så mange besøkande som det er overhovudet mogeleg å ha her på Skjerjehamn,jublar styreleiar og billettansvarleg Njål Wilberg.

I fjor hadde festivalen totalt 7000 deltakarar.

I år hadde styret rekna med ei takhøgd på 9000 besøkande, med ei grense på 3000 for kvar festivaldag, men på laurdag var heile 4200 innom festivalen.

Utkantfestivalen

TURBO: Gruppa Turboneger trakk mange til festivalen som desse ihuga Turbojugend-medlemmene.

Foto: Tarjei Langeland

Rekordstort program

- Kva trur de skuldast den store suksessen?

- Det er nok ein kombinasjon av eit bra gjennomført program og at vi har hatt full jackpot med vêret, smiler festivalsjef Viggo Randal.

Festivalen hadde eit rekordstort program med 23 band, blant anna Big Bang, Turboneger og Karpe Diem.

Mellom musikkinnslag med høg musikalsk profil kosa publikum seg ved havkanten i Skjerjehamn.

- Eg trur og at jungeltelegrafen har mykje å seie for Utkant. Det er mange som kjem hit og likar seg så godt at dei kjem tilbake med fleire venner neste år, legg festivalesjefen til.

(Sjå video av Katrin Fröder her spele akustisk på Utkant. )

Utkant spanderar: Katrin Fröder - YouTube

Kom for Turboneger

- Det var nok Turboneger som drog oss ut hit, men vi kjem nok tilbake for det er så sjukt fint her ute med sjøen, seier Turbojugend-medlem Espen Joachimsen.

Han reiste saman med 14 andre medlemmer frå Turbojugend Ytrebygda.

Den idylliske plasseringa til festivalen er både eit gode, og ei ulempe vedgår festivalsjef Randal.

Utkantfestivalen

REKORD: Det var trongt om plassen på Utkant i helga.

Foto: Tarjei Langeland

Vanskeleg logistikk

- Festivalen blir jo veldig skjerma og intim, men samtidig er det vanskeleg å få logistikken til å flyte. Så det er noko vi kan bli betre på, seier han og spøkar med at årets fyrverki også var i minste laget.

Etter festivalens siste konsert med rockebandet Oslo Ess på hovudscena fekk publikum nyte eit seks minuttar langt fargespel av eit fyrverki over havgapet.

- Eg kan allereie no love at det blir festival frå 24 til 27 juli neste år, avsluttar ein godt nøgd, men sliten festivalsjef.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.