Hopp til innhold

Over 1.600 heidra gamalosten

Over 1.600 gjester heidra i helga Gamalosten i dens heimbygd. – Det må seiast å vere bra med tanke på vérprognosane, seier Erling Stadheim.

Gamalostfestivalen i Vik har for lengst gått inn i sitt 20. leveår, men trekkjer stadig store folkemengder.

I helga vitja over 1.600 bygda for å heidre gamalosten. I tillegg til over 100, mellom desse Italienske landslaget i skiskyting, som utfordra Sutastigen i motbakkeløpet Suten Opp.

– Vi selde eit par tusen billettar i fjor, og med fotballkampen så er vi ikkje så langt unna i år heller, seier Erling Stadheim i arrangørstaben.

– Kjempegreier

Det heile starta tradisjonen tru med opningskonsert framfor ei stappfull Hove kyrkje fredag kveld. Deretter gjekk det slag i slag med nærast fulle hus på kulturkvelden i Vikjahalli og dans med Staut i Blixhalli.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anne Jorunn Fjærestad og Erling Stadheim leiar festivalen.

LEIARAR: Anne Jorun Fjærestad og Erling Stadheim leiar festivalen.

Foto: Odd Inge Gjeraker

Folksamt var det også laurdag kveld på ungdomsarrangementet WikiBeatz i Blixhalli laurdag og dansen i Vikjahalli. I tillegg til yrande liv på dagtid.

– Det var kjempegreier, smiler Stadheim.

Vått og grått

Festivalen vart skipa tidleg på 90-talet for å halde i hevd ein tradisjonsrik og levedyktig matkultur basert på tradisjonsrik ost. Heidersosten, gamalosten, har ein tusenårig tradisjon, og er av ostetypane med kortast produksjonstid.

Gamalosten frå Vik er landskjend. Årleg blir det produsert 150–200 tonn gamalost i bygda. Noko av den låg laurdag morgon på frukostbordet i Vikøyri.

– Den samla enormt med folk. Det kom ei regnbye då frukosten starta, men likevel kom det godt med folk. Imponerande, seier Stadheim.

Lite mat att

På grunn av dei dårlege vérprognosane hadde arrangørane ein Plan B om å flytte frukosten, som var gratis, innandørs. Etter ei god regnbye i starten, vart ikkje vêret så verst likevel.

Sjølv om det var vått og grått den første tida, fekk maten verkeleg bein å gå på.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pryl heldt konsert ved Gamalostbaren.

KONSERT: Konsert ved Gamalostbaren.

Foto: Odd Inge Gjeraker

– Dei lager mat til mellom 1.000 og 1.500 personar. I fjor var det tomt, og då eg gjekk derifrå i år etter ein og ein halv time, var det ikkje mykje mat att. Eg reknar med at det vart tomt i år også, ler Stadheim.

Solid overskot

I fjor gjekk arrangementet med kring 150.000 kroner i overskot. Gamalostfestivalen er mykje basert på dugnadsarbeid, og med lokale krefter i sving blir det godt med pengar att i lokalsamfunnet.

Stadheim trur resultatet for i år ikkje blir så veldig langt unna fjorårets.

– Eg trur vi har funne ei form som er tilfredsstillande for oss som arrangør og publikum. Vi har ein fin balansegang på bruk av lokalkrefter og dei utanfrå, seier han.

Skiskyttarstjerner

– Dansegallaen er jo veldig lukrativ, held han fram og konstaterer at det også i år vart eit yrande folkeliv i Vikøyri sjølv om det vart vått og grått.

(Artikkelen held fram under biletet)

Beste damer og herrar Suten Opp

SUTEN OPP: Karin Oberhofer, Michela Ponza (begge Italia) og Silje Storvik Moe (Syril) var raskast i kvinneklassa. Arild Een, Leif Erik Skjervheim (begge Voss) og Lukas Hofer (Italia) var raskast av herrane.

Foto: Odd Inge Gjeraker

For andre året stod også motbakkeløpet Suten Opp på programmet. Blant 45 konkurranseløparar, stilte åtte utøvarar frå det italienske skiskyttarlandslaget. Dei er på treningssamling i Sogn og prega ikkje uventa øvre del av resultatlista.

Ny løyperekord

Karin Oberhof knuste løyperekorden frå i fjor med over to minuttar då ho kom først i mål av kvinnene til tida 22:43. I kvinneklassa stakk italienarane av med begge topplasseringane, medan Silje Storvik Moe (Syril) sneik seg inn på ein tredjeplass.

I herreklassa gjekk vart det dobbelt Voss, med Arild Een (18:05) og Leif Erik Skjervheim. Italienske Lukas Hofer tok tredjeplassen.

– Det var veldig kjekt at det italienske landslaget tok turen. Det var ein ekstra prikk over i'en, smiler Berit Kolltveit.

95 trimmarar

Medan 95 stilte i trimklassa i fjor, valde 65 personar å «trimme» seg opp Sutastigen i år.

– Eg trur nok vêret må ta skulda for det. Samstundes gjekk også sykkelrittet Bergen – Voss denne helga også. Kanskje vi bør vurdere å leggje arrangementet til ei anna helg, undrar Kolltveit.

P.S. Einaste nedtur for vikjane i helga var truleg at fotballherrane inntok botnplassen i 3. divisjon etter tap heime for Bjarg.