NRK Meny
Normal

Øvde på handtering av skuleskyting

SKEI (NRK): Kva gjer ein kommune dersom dei får beskjed om ei skuleskyting? Det var representantar frå kommunane i Sogn og Fjordane samla for å lære seg onsdag.

Seminar skuleskyting

SEMINAR: Mange representantar frå kommunane i Sogn og Fjordane var samla på Skei onsdag. Der lærte dei om korleis ein skal handtere ei skuleskyting.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Haavard Stensvand

SEMINARLEIAR: Beredskapsansvarleg hjå Fylkesmannen, Haavard Stensvand.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Representantar frå kommunane i Sogn og Fjordane var onsdag samla på Skei for å lære meir om korleis ein skal handtere ei skuleskyting. Seminaret vart leia av beredskapssjef hjå Fylkesmannen, Haavard Stensvand. Han håpar at ei slik øving kan førebu kommunane på krevjande situasjonar med livstruande vald.

– Vi trur ikkje det er ein større trussel her enn andre stader, men vi prøvar å bevisstgjera kommuneleiinga på at det kan vere ei utfordring i ein kvar kommune. Sjølv om vi no øver på handtering av slike typar situasjonar, så må jo målet vere at vi aldri kjem i ein slik situasjon, fortel han.

Seminar skuleskyting

MELDING: I caset var det ei melding frå ein elev på skulen.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

– Kan ikkje tenkje på slike ting

Under seminaret fekk kommunane tildelt ein case der det var ei skuleskyting på ein lokal vidaregåande skule.

«Trur nokon skyt på skulen. kanskje André. har gøymt meg på do saman med nokre til. redd» les den hypotetiske meldinga sendt frå ei av elevane på skulen. Også den mykje omtalte mobilapplikasjonen Jodel er med i caset. Fleire skular i Noreg har blitt stengd over kortare tid etter truslar via appen det siste året.

I Sogndal har ein ikkje opplevd slike truande situasjonar på skulane, men ordførar Jarle Aarvoll tykkjer det er ei nyttig øving.

– Som ordførar er ein budd på at ein ikkje veit kva neste dag kan bringa. Vi kan ikkje gå å tenkje på slike ting, men gjennom denne typen øvingar og gjennom dialog oss imellom, so er vi på ein eller anna måte budd på at det vi aldri trudde kunne skje, kan skje, meiner han.

– Skapar ikkje frykt

Odd Arve Solvåg

PLIVO: Odd Arve Solvåg fortalde om korleis politiet opptrer ved ei skuleskyting.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Politiet var også til stades på seminaret på Skei og heldt eit foredrag om PLIVO – prosedyrar som fortel korleis naudetatane opptrer under ein situasjon med pågåande, livstruande vald.

Stabssjef i politiet, Odd Arve Solvåg, kjenner ikkje til slike situasjonar på skular i Sogn og Fjordane, men tykkjer ikkje at ei slik øving kan skape unødvendig uro.

– Nei, eg trur ikkje det skapar frykt, men det kan vere med på å skape meir bevisstheit rundt korleis ein skal agere når hendingar oppstår. Då kan ein vere betre førebudd, og so får ein håpe at det aldri skjer, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune