Hopp til innhold

Øvde på det verst tenkjelege

Dei øvde på det utenkjelege: At Widerøe-flyet ikkje landar trygt på Sandane lufthamn, men i staden stuper rett i Gloppefjorden.

Markørane på veg ut i Gloppefjorden

UT PÅ FJORDEN: Dei friviljuge Raudekrossen-statistane på veg ut på fjorden, der dei straks skal spele rollene som hardt skadde folk i sjøvatnet.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

– Det er utruleg kjekt å sjå ein båt kome til når du ligg ute i vatnet og skrik. Det er ikkje mykje anna som slår den kjensla.

Jon Atle Rise syner fram den sminke-påførde skaden

SMINKE TIL HJELP: Då fyrstehjelpsarbeidarane tok i mot Jon Atle Rise og dei andre liksom-skadde ungdomane ved bryggja, såg dei og tolka ut ifrå dei falske, påmåla skadane, korleis dei skulle prioritere behandlinga av dei.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Det seier Jon Atle Rise, ein av markørane, altså ein av dei 15 friviljuge skodespelarane frå Raudekrossen som låg ute i sjøvatnet og spela rolla som overlevande frå flystyrt, i havsnaud.

Då han var vel berga på land, og teken hand om av medisinsk personell, hadde han framleis nokre skrammer i andletet. Og so hadde han eit raudt merke under kragebeinet. Alt hadde han fått teikna på i sminkestova før han fór ut i sjøvatnet.

Raudekrossen-markørane tek på seg varmedressane

PÅ MED VARMEDRAKTA: Heldigvis var dette berre ei øving, og offera får ha på seg overlevingsdress, som held dei nokolunde varme i sjøvatnet. Til venstre: Ann-Lovise Moldestad

Foto: Snorre Sandemose / NRK

– Mest sannsynleg er det eit brot eller ein kritisk indre skade i hjarteregionen. Det kan ha vore grunnen til at eg hosta blod under øvinga. Då eg var komen på land sa lækjarane òg at eg kunne ha ei kollapsa lunge, seier han.

Rise og dei andre flystyrtoffera låg ein halvtime i sjøen og kava før hjelpa kom. I røynda ville dei ikkje hatt noko varmedrakt på, so kombinasjonen av skadar og forfrysing var so ille at lækjarane og fyrstehjelpsfolka ikkje trudde livet stod til å redde for alle.

Statistane kjem i land, og helsepersonell står klare

FYRSTEHJELPARANE VENTAR PÅ HAMNA: Ungdomane vert tekne hand om av profesjonelle helsearbeidarar ved næraste kai.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Men Rise var, trass i dei kunstige blodpastillane han hadde togge, ein av dei som fyrstehjelparane trudde kunne bergast. Fyrstehjelparane snøggdiagnostiserte han og køyrde han opp til Sandane lufthamn, der dei tenkte seg at han gjennomgjekk kirurgisk hasteinngrep.

– Viktig å kjenne at det er ekte

– Ein må jo føle at ein er i ulukka, elles vert det ikkje ein reell situasjon for dei som skal redde deg. Ein må skrike, og sjølv om det berre er på leik, so lyt det vere slik at dei vert irriterte på oss på grunn av våre skrik, seier Rise.

Representantar frå Sandane brannstasjon

FYRST UTE: Brannkorpset på Sandane, som har ein eigen snøggbåt, kom fyrst ut til ungdomane i sjøen etter at Avinor hadde late øvingsalarmen gå. Dei fekk den fyrste puljen med skadelidne i land.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Det vert jo litt som eit rollespel, er det litt kjekt?

– Det er kjekt. Mange av desse folka her møter vi igjen i leiteaksjonar seinare.

Han seier det er viktig å få kjennskap til korleis ulykkessituasjonar vert handterte, og korleis ein samarbeider best mogleg når det verkeleg står om liv.

– Fokus på samhandling mellom etatar

Anne Randi Savland og Jarle Sollid i ambulansetenesta

NØGDE MED ØVINGA: Anne Randi Savland, t.v., var innsatsleiar for ambulansearbeidarane for kvelden. Jarle Sollid, t.h., hadde rolla som nestkommanderande. Han var den fyrste som såg over skadane til dei ulykkesråka då dei kom i land, og han nummererte dei skadde og formidla vidare til Savland per telefon kven som stod til å berge, kven det hasta å få operert, etc.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Når Avinor skipar til havariøving, inneber det ei dobbeltrening for kvar einskilde etat: Dei trenar på sine oppgåver, og på samhandling med dei andre etatane.

Attåt sjølve flyplasstaben, tok politi, ambulansefolk, brannvesen, vektarar, observatørar i kommunen, tilsette og friviljuge i Raudekrossen, og kommunelækjarane i Gloppen del i aktivitetane.

Innpå hundre mann og ei stor mengde køyretøy var soleis med i den to og ein halv timar lange øvinga, før det heile vart avrunda med ei grundig og konstruktiv evaluering.