Hopp til innhold

Otto driv transportfirma med føtene

FØRDE (NRK): Otto Ravndal (55) sit i rullestol, men driv sitt eige transportfirma og køyrer semitrailer med føtene.

Rattet er montert nede på golvet. Otto Ravndal har full kontroll der han styrer bilen med føtene. Framfor huset til 55-åringen i Førde står ein lastebil og ein semitrailer. Begge er eigd av mannen som har drive transportfirma i fleire år.

Ravndal har cerebral parese (CP) og er avhengig av rullestol for å bevege seg. For å kome seg inn og ut av lastebilen, brukar han ei spesielt tilpassa heis som han sjølv styrer.

Naturleg å styre med føtene

Otto Ravndal

55 år gamle Otto Ravndal styrer den 18 meter lange semitraileren sin med føtene.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli

Sunnfjordingen fekk førarkort for personbil i 1994. I 2004, etter mange års kamp mot byråkratiet fekk han lov til å ta lastebillappen, og fekk sitt første store køyretøy.

– Det er naturleg for meg å styre bilen med føtene, seier Ravndal.

Han vedgår at det er ekstra utfordrande å drive transportfirma med hans handikap, men ved hjelp av god planlegging går det fint.

– Dei ser litt rart på meg når eg kjem med ein slik bil, fortel han.

Trass i CP-sjukdomen, arbeider Ravndal åleine i firmaet, men har med seg ein funksjonsassistent 20 timar i veka.

– Det har sine utfordringar, spesielt om vinteren når eg skal køyre over fjellet. Då må eg ha folk som kan legge på kjettingar om det er nødvendig.

Får hjelp der han overnattar

Ravndal køyrer opp mot 35.000 kilometer i året. Han transporterer alt mogleg, men hovudsakleg leverer han garasjeportar og industriportar. Når han er på farten over fleire dagar, får han hjelp av heimetenesta der han skal overnatte. Han overnattar i sin eigen bil, der han brukar mykje tid på internett og TV.

– På Gol overnattar eg ofte. Der er det greitt å parkere og der har eg vore kjent i fleire år, seier han.

Nyleg kjøpte han seg ein ny 18 meter lang semitrailer. Totalvekta er på 18.750 kg. Motoren er på 250 hk.

– Jobben gjev livet meir meining. Eg hadde ikkje investert i ny bil dersom eg ikkje hadde likt jobben, seier han.

Imponert

Arnstein Grendahl, generalsekretær i Norges handikapforbund, er imponert over det Ravndal får til.

– Med så sterkt handikap er det vanskeleg å få seg jobb. Når Ravndal har starta sitt eige firma og køyrer store køyretøy med føtene, er det rett og slett fantastisk imponerande, seier Grendahl.

I ein tidlegare versjon av saka skreiv vi at Otto Ravndal er lam, noko som ikkje er rett. Han har ei funksjonsnedsetting på grunn av cerebral parese (CP).