Hopp til innhold

Otoo ser etter ny klubb

Sogndalspela Mahatma Otoo kan vere på veg vekk frå Sogndal, skriv Sogn Avis. Spissen, som er klubben sin dyraste spelar, har kontrakt ut denne sesongen. Ghanesaren seier til avisa at han håpar toppklubbar legg merke til han, men at han held alle moglegheitar opne.