Afrikansk toppscorar klar for Sogndal

Den ghanesiske spelaren Mahatma Otoo (21) er klar for Sogndal. Otoo kjem frå den ghanesiske klubben Accra Hearts of Oak.

Jonas Olsson

KLAR FOR SOGNDAL: Jonas Olsson kunne nøgd presentere sin nye spelar på Fosshaugane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Spelaren har valt Sogndal som utviklingsarena, sjølv om større klubbar både i Europa og Afrika har synt konkret interesse for spelaren, skriv Sogndal fotball på sine heimesider.

– Eg er veldig glad for å vere i Sogndal, og å bli med i klubben frå no. Eg set verkeleg pris på korleis klubben presenterte seg då dei kom til Ghana. Kommunikasjonen med Håvard og Eirik fekk meg til å kjenne meg trygg på avgjerda, og veldig velkommen, seier Otoo.

Han legg til at Sogndal sin filosofi passar han godt, og at han ser fram til å bli involvert snarleg.

– Kva klubbar har vore interesserte i deg?

– Mellom andre Benfica, FC Køln, Leicester og Club Brügge. Men eg trur kan utvikle meg best i Sogndal, seier han til NRK.no.

Otoo var toppscorar i den ghanesiske toppligaen i år med 20 mål denne sesongen, og er visekaptein på U23-landslaget til Ghana.

Har jobba med overgangen ei stund

Otoo har også vore i troppen til Ghana sitt A-landslag.

Sogndal har følgt spelaren lenge, og dei var mellom anna i Ghana i slutten av juni for å sjå spelaren live. Sidan då har klubben jobba aktivt for å få overgangen i hamn.

– Mahatma er ein svært spennande spelar, og vi er stolte over at han valde Sogndal ut frå dei moglegheitene han hadde. Det har vore ein krevjande prosess å få alt i land, og mange både i vår klubb og i Mahatmas støtteapparat har gjort ein solid jobb for Sogndal, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Han legg til at spelaren skal få tid til å tilpasse seg Norge på alle vis.

– Men vi har ei forventning om at Mahatma på sikt skal bli ein verdfull spelar for oss, seier Flo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Otoo på plass

OMTYKT: Det er fleire som vil ha Mahatma Otoo, enn som kan få han, ifølgje sportsleg leiar Håvard Flo. F.v. trenar Jonas Olsson, Mahatma Otoo og sportsleg leiar Håvard Flo.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Har ein balansert stal

Flo er godt nøgd med spelarlogistikken, og legg ikkje skjul på at det har vore ein aktiv sommar.

– Slik situasjonen er no, har vi ein balansert stall med mange frå fylket, og nokre referansespelarar utanfrå. Per Egil har gått vidare, medan eit nytt talent i Joar Tryti kjem inn, seier Flo.

Han held fram at Ricardo Santos har returnert til Sverige, og Otoo kjem til å erstatte han.

– I tillegg har Gilbert Koomson komme på lån etter eit overbevisande treningsopphald hjå oss, seier Flo.

Er samde om personleg kontrakt

Sogndal og Accra Hearts of Oak er samde om overgangen, og klubben er einig med spelaren om den personlege kontrakten.

Det står att ein del papirarbeid før spelaren formelt blir klar. Sogndal håpar å ha Mahatma speleberettiga til kampen mot Molde førstkommande laurdag.