Hopp til innhold

Manuell dirigering på rv. 15

Ved Ospelitunnelen på rv. 15 over Strynefjellet er det manuell dirigering etter ein diesellekkasje. Ein tank til eit kjøleaggregat har losna frå eit vogntog, og diesel har lekt ut. Ifølgje Vegtrafikksentralen er det uvisst kor mykje diesel som har lekt ut, men det skal vere snakk om over 100 liter. Vogntoget står no parkert like ved Ospelitunnelen. Klokka 17:50 melder politiet at brannvesenet dirigerar trafikken på staden. Lekkasjen er stogga, men det kan framleis vere glatt grunna dieselsøl i vegbana.