Hopp til innhold

Sterk usemje mellom aust og vest om nynorsk

Oslo-ungdommar meiner nynorsken er eit døyande språk. Det er retorikk som fell Førde-ungdommar tungt for brystet.

Elevar på Hafstad vidaregåande

REAGERER: F.v. Håkon Ullebø og Emilie Krumsvik ved Hafstad vidaregåande skule i Førde har lite sans for Oslo-ungdommane sitt syn på nynorsk.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Men medan nynorsktilhengjarane manar til kamp, jublar bokmålsfolket over større endringar i norskfaget.

Blant elevane som skal leve med norskundervisninga er meiningane svært delte – mykje ut frå bustadadresse.

Meiner dei vert tvinga

Mari Storfjord ved Fagerborg vidaregåande skole på Oslos vestkant er ikkje spesielt begeistra for nynorsk sidemål.

– Vi blir tvinga til å lære eit språk som vi ikkje kjem til å bruke i praksis, seier Storfjord.

Klassekamerat Frende Mathisen kan heller ikkje fordra nynorsk.

– Eg tykkjer det er eit veldig uviktig fag fordi du brukar veldig mange timar av livet ditt som du kunne brukt til mykje anna. Vi kunne mellom anna hjelpt dei fattige. Det er mykje vi kunne brukt tre-fire timar i veka på, seier Mathisen.

Dei meiner nynorsk er ut

«Det er urealistisk at elevar skal vere like gode i hovudmål og sidemål», seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen til Dagsavisen tysdag.

Ho vil tone ned satsinga på sidemål for å styrkje hovudmålet.

– Det tykkjer eg er veldig bra for då har vi eit val, seier Storfjord.

Klassekamerat Mathisen går endå litt lengre.

– Nynorsk er eit døyande språk og det må vi hjelpe til å drepe. Nynorsk er ut, seier Mathisen.

Etterlyser vidsyn

Utsegnene til Oslo-elevane provoserer avgangselev Håkon Ullebø ved Hafstad vidaregåande skule i Førde.

– Det tykkjer eg er ein ganske håplaus utsegn, og det er basert på fordommar, seier Ullebø, som etterlyser eit litt større vidsyn.

– Heile landet pratar ikkje bokmål eller skriv bokmål. Det finst meir mangfald enn det dei står for sjølve, seier Ullebø.

På Hafstad er nynorsk hovudmål for 401 av dei 415 elvane.

Viktig å kunne begge målformer

Emilie Krumsvik er glad for å lære begge målformene.

– Det er veldig viktig å kunne begge skriftspråka. Det er ikkje snakk om berre Oslo og vestkanten og der nede dei snakkar bokmål. Ein fjerdedel av befolkninga i Norge skriv faktisk nynorsk. Då er det viktig at dei i Oslo faktisk har kunnskap om det også, seier Krumsvik.

– Kunne de tenkt dykk å sleppe bokmål?

– Eg har ikkje noko problem med bokmål. Vi treng begge, det handlar om mangfald. Vi lærer engelsk også, det er ikkje for moro skuld, det er for å kunne det og kunne kommunisere i utlandet. Det er det same vi snakkar om her, seier Ullebø.

– Her er vi like gode i bokmål som i nynorsk. Det er fordi vi har fått med oss at det faktisk er viktig å kunne begge delar. Vi kjem kanskje til å ta ei utdanning seinare der vi må bruke bokmål, seier Krumsvik.