Hopp til innhold

Oskeladden får eliteserieleiaren på heimebane

Florø utklassa 1. divisjonslaget Hødd i andre runde av fotballcupen. Neste motstandar blir serieleiar Molde på heimebane.

Florø-Sogndal -Florø-spelarane feirar

JUBEL: Florø slo Sogndal ut av cupen i 2012. Florø håpar på nye jubelscener mot sjølvaste serieleiar Molde.

Foto: Alf Vidar Snæland

Oskeladden frå kystbyen kunne knapt nok fått ein vanskelegare motstandar i 3. runde av NM-cupen i fotball.

Medan Sogndal får Strømmen på besøk, kjem tre gonger noregsmeister Molde til Florø 4. juni.

– Sportsleg er det ei enorm utfordring, men ballen er rund og det skal spelast. Vi har i alle fall ikkje tapt på førehand, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Knuste Hødd 5–1

Terje Rognsø

NØGD: Florø-trenar Terje Rognsø er nøgd med oppsettet for 3. runde av fotballcupen.

Foto: Alf Vidar Snæland

I førre runde utklassa Florø 1. divisjonslaget Hødd på bortebane . 2. divisjonslaget stogga ikkje før det stod 1–5 på resultattavla.

Rognsø venta å få sunnmørslaget som motstandar i førre runde, og med 15 eliteserielag att i 3. runde var han ikkje overraska over å få Molde.

– Det er i utgangspunktet den tøffaste vi kunne få. Molde er det beste laget i Norge for tida, og har siste åra vore blant dei beste, seier trenaren.

Trur på folkefest

Florø har siste åra hatt Sogndal, Brann og Aalesund på besøk. Førstnemnde returnerte utan å sikre seg cupavansement.

Florø-trenaren trur ikkje at publikumstalet vil nå rekorden på 3.100 sidan Brann-besøket i 2012.

– Vi har vore privilegert dei siste åra med eliteserielag, men det er fordi vi har gjort det godt i cupen. Det kjem nok til å bli ein ny folkefest i Florø 4. juni, med ein sjanse til å sjå dei – samt til å sjå oss prøve å hamle opp med dei store laga, seier Rognsø.

– Ikkje umogleg

– Trur du de kan hamle opp med Molde?

– Det vil tida vise. Vi veit vi har eit høgt maksnivå i gruppa, og det vil vi vere heilt avhengige av å få fram den dagen. Det er Norges beste lag for tida, men det er ikkje noko umogleg oppgåve.

Rognsø har sett mange TV-kampar med laget frå Rosenes By, og vil halde fram til det fram mot cupoppgjeret i byrjinga av juni.

Meir fokus

– Molde er eit ekstremt spelande lag, og det passar oss veldig godt. Dette er eit oppgjer vi ser fram til, seier han.

– Korleis vil du førebu spelarane?

– Då vi rauk ut mot Brann var spelargruppa tappa for energi fordi dei hadde vore med på så mykje dugnad og andre utanomsportslege ting i forkant. Det har vi lært av. Vi skal stille opp i år også, men ikkje så tett inn mot kamp.