Oskar (15) elskar sporten mange meiner er farleg

AURLAND (NRK): – Sporten min har fått eit ufortent dårleg rykte, meiner Oskar (15). I familien hans driv fire av fem med boksing.

Oskar Stigen Sørensen

LIVSGLEDE: – Boksinga gjev meg sjølvtillit og livsglede, seier Oskar Stigen Sørensen (15).

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Boksinga gjev meg sjølvtillit og livsglede, seier Oskar Stigen Sørensen (15).

Hoppetau og sko som gnikkar mot parketten fyller gymsalen ved Aurland idrett og samfunnshus. Tidtakaren pip. Dei tjue ungdommane har eit minutt på å slite seg ut.

Ringside står far og trener Reinhardt Sørensen og korrigerer teknikken til sonen. Han er tidlegare tungvektsboksar og primus motor i Aurland bokseklubb.

Også borna Sofia Stigen Sørensen (14) og Oline Stigen Sørensen (8) har følgt i fotspora til faren. I bygda vert dei omtalt som deira eige svar på «familien Ingebrigtsen».

Fire dødsfall på fire månadar

I 2014 vedtok Stortinget å oppheve forbodet mot proffboksing på norsk jord. Nyleg blussa debatten om sporten opp att både i Noreg og i utlandet etter at fire utanlandske proffboksarar døydde på kort tid.

Blant dei som åtvara mot boksesporten var overlege Ingunn Rise Kirkeby ved Oslo universitetssjukehus Rikshospitalet. Til NRK sa ho at sporten har blitt farlegare dei siste åra og at det no er fleire dødsfall per utøvar innan proffboksing enn for 50–100 år sidan.

TØFF KAMP: Patrick Day fra USA (til venstre) er ein av fire proffboksarar som har dødd internasjonalt den siste tida.

TØFF KAMP: Patrick Day frå USA (til venstre) er ein av fire proffboksarar som har døydd den siste tida.

Foto: Dylan Buell / AFP

På heimebane

– Ein kan vel seie at boksinga var noko eg fekk med på kjøpet då eg vart saman med Reinhardt, seier Turid Stigen Sørensen.

Ho skjer opp kylling og legg den til marinering. Resten av familien er på boksetrening.

– Eg likar å ha god middag klar til dei kjem heim, seier ho.

I kjøkkenskapet hentar ho fram eit album med bilete frå dei første boksekampane til barna.

Turid Stigen Sørensen

BOKSEMOR: Turid Stigen Sørensen er ikkje bekymra for barna si helse sjølv om alle tre driv med boksing.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Ho har fått med seg debatten etter at fire boksarar døydde på kort tid, men er ikkje bekymra for sine eigne ungar. Ikkje enda iallfall.

– Dei blir lite treft av slag i kampane, og på trening er det mest fokus på teknikk, seier ho.

– Men eg er litt bekymra for om dei ein dag blir proffboksarar, når eg ser kva som skjer i sporten.

Søstrene Oline (til v.) og Sofia Stigen Sørensen slår på sekk.

SAMARBEID: Søstrene Oline (til v.) og Sofia Stigen Sørensen slår på sekk.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Medaljefangst

– Løft «guarden»! En-to! En-to!

Sofia Stigen Sørensen (14) slår harde og kontrollerte kombinasjonar mot boksesekken.

Førre helg tok ho og broren Oskar med to av tre gullmedaljar frå eit stort boksestemne i Trondheim.

Det er enno nokre år til dei kan bli proffboksarar.

Oskar, Sofia og Reinhardt (frå v.) på boksestevne i Trøndelag saman med .

MEDALJEFANGST: Oskar og Sofia Stigen Sørensen (til venstre i bildet) vann begge gull ved Legacy «boxcup» førre helg. Her står dei saman med far Reinhardt Sørensen, Heidi Ryum Marsh og Asbjørn Ryum Marsh. Torgrim Ryum Marsh og Oline Stigen Sørensen står bak.

Foto: Privat

– Dei må velje sjølv

– Boksing er ein risikosport, og ein kan sjølvsagt bli alvorleg skadd, så vi må vite kva vi gjer, seier Reinhardt.

Hans eigen bokseinteresse vart vekt i trettenårsalderen då han vaks opp i Lofoten.

Oline, Sofia og pappa Reinhardt Sørensen

AURLAND BOKSEKLUBB: Den vesle bygda Aurland i Sogn har dyrka fram fleire boksarar som har teke gull i NM og aldersbestemt NM.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

No meiner han at sporten har fått eit ufortent dårleg rykte:

– Det er urettferdig at boksing får så mykje fokus. Det er mange idrettar som er farlege, og når folk dør i bokseringen, er det ofte andre årsaker bak dødsfalla enn berre slaga.

Nyleg var det seks dødsfall på fire år knytt til luftsport berre i Aurland.

Og mellom 2010 og 2017 døydde tolv internasjonale proffsyklistar i trening- og konkurranserelaterte ulykker.

– Til samanlikning har det ikkje vore eit einaste dødsfall blant norske boksarar etter at proffboksing vart lovleg, seier Sørensen.

Reinhardt Sørensen

TUNGVEKTAR: Reinhardt Sørensen blir beskrive av trenarkollegiet ved Aurland bokseklubb som «primus motor» for boksesporten i bygda. Sjølv har han vore høgt ranka som tungvektar og boksa cirka 35 kampar.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Fleire vil påpeike at boksing er annleis sidan det å skade motstandaren er sjølve hensikta med sporten, medan ulukkene i dei andre tilfella er utilsikta. Kva seier du til det?

– Skal ein bedømme kor farleg ein idrett er, bør ein basere seg på skadestatistikk, og ikkje det ein sjølv meiner er moralsk riktig.

– Dei skal velje sjølv

Sveitta renn nedover panna på Oskar, sjølv om han insisterer på at dette er «ei roleg økt».

Han har allereie boksa ti såkalla ordinære boksekampar kor dei under atten blir diskvalifisert om dei «slår ut» motstandaren. Om nokre veker skal han bokse under norgesmesterskapet for ungdom og junior på Raufoss.

.

Oskar Stigen Sørensen

KLAR FOR NM: Om to veker skal Oskar bokse om gull i NM for ungdom og junior på Raufoss. Her trenar han på kombinasjonar med trenar Tony Midje.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Det er kjekt at dei presterer så bra, seier Reinhardt, som ikkje vil presse verken sonen eller døtrene til å gjere levebrød av sporten.

– Dei skal sjølv velje om dei vil satse på proffboksing når den tid kjem. Sjølv vert eg ikkje bekymra om dei ønskjer det.