Hopp til innhold

Unge filmskaparar har lokka Oscar-nominert regissør til Sogndal Filmfestival

Når den niande Sogndal Filmfestival går av stabelen denne våren er det med Oscar-nominerte Iram Haq på lista over føredragshaldarar.

Iram Haq

OSCAR: Iram Haq var i fjor nominert til Oscar for beste utanlandske film. I vår kjem ho til Sogndal for å inspirere unge og eldre filmskaparar på Sogndal Filmfestival.

Foto: Pressefoto

– Dette er veldig stort for oss, seier festivalsjef May-Tone Feten Høyheim til NRK.no.

Sogndal Filmfestival er ein årleg festival med medium- og kommunikasjonslinja ved Sogndal vidaregåande skule som arrangørar. Dei har som mål å inspirere film- og TV-skaparar i alle aldrar, og inviterer kvart år til kortfilmkonkurranse.

Slik er det også i år, og du kan sende inn din beste kortfilm fram til 3. mars.

Nominert til Oscar for beste utanlandske film

May-Tone Feten Høyheim (festivalsjef) og Eva Finden (PR-sjef) for Sogndal Filmfestival

STOLTE: May-Tone Feten Høyheim og Eva Finden i Sogndal Filmfestival er stolte over føredragshaldarane dei har fått til årets festival.

Sogndal Filmfestival blir i år arrangert 31. mars og 1. april i Sogndal Kulturhus. Festivalen er ein unik moglegheit for ungdom frå Sogn og Fjordane og Hordaland til å vise fram talentet sitt innan film.

Arrangørane lovar spennande føredrag og mykje underhaldning. 31. mars blir det gallakveld med utdeling av prisar og 1. april vert det ein fagdag med føredrag frå forskjellige føredragshaldarar.

Og her har elevane bak festivalen slått på stortromma i år. Dei har nemleg fått på plass Iram Haq. Ho var i 2013 nominert til Oscar i klassen for beste utanlandske film, med sin første langfilm «Jeg er din».

I filmen skildrar Haq ei kvinne som blir rive mellom ulike roller, kulturar og forventningar som blir stilt til ho, og som ho gjerne vil innfri. Haq brukar film og kjærleikshistorier for å setje søkjelys på korleis jenter med fleirkulturell bakgrunn vert behandla når dei bryt ut av tradisjonelle familiemønster.

– Ho tek opp viktige saker

Festivalsjef May-Tone Feten Høyheim røper at det er takka vere gode kontaktar at dei har fått Iram Haq til festivalen.

– Vi er veldig glade for at vi har fått dette til.

Ho håpar både gamle og unge vil kome til føredraget med filmskaparen som allereie har vunne ei rekkje prisar internasjonalt.

– Dei sakene ho tek opp i filmane sine er viktige spørsmål i samfunnet, og vi håpar vi med ho kan treffe også det litt eldre publikummet, og ikkje berre dei unge, seier Feten Høyheim.

Festivalsjefen seier det er svært viktig at filmskaparar set fokus på vanskelege tema i filmar.

– Ved å ta opp slike tema set ein fokus på det, og med film kan ein nå ut til eit større publikum, seier Feten Høyheim.

Håpar på fulle hus

I tillegg til Iram Haq har arrangørane av filmfestivalen også henta inn Therese Jacobsen, som skal fortelje om kunstfilmen ho har laga om Harastølen i Luster.

– Ho skal fortelje om Harastølen, bygget og historia bak.

Både fagdagen og gallakvelden blir i storsalen i Sogndal Kulturhus, og arrangørane håpar føredragshaldarane skal lokke til fulle hus.

– Det er berre å sette av dagen, seier festivalsjefen.