Hopp til innhold

Ortopedien forsvinn raskare

Ortopedien ved Nordfjord sjukehus forsvinn raskare enn tidlegare varsla. Det har styret i Helse Førde bestemt.

Styremøtet i Helse Førde

STYREMØTE: Frå venstre Vidar Vie, Jon Bolstad, Jorunn Ringstad og Clara Øberg.

Foto: Bård Siem / NRK

Etter planen skulle ortopedien leggjast ned i løpet av tredje kvartal i 2012.

Med sju mot fire røyster vedtok Helse Førde-styret at ortopedien skal avviklast som snart som mogleg og seinast innan utgangen av 2011.

Kritiske til «energilekkasje»

I si grunngjeving la fleire av styrerepresentantane vekt på det dei kalla ei energilekkasje frå det ortopediske miljøet ved Nordfjord sjukehus.

Det kom fram at styret likte dårleg at legane gjekk ut i media og protesterte. Mellom anna inviterte ei gruppe tilsette ved sjukehuset til pressekonferanse tidlegare i juni.

Der vart det mellom anna hevda at ingen av ortopedane i Nordfjord ville halde fram i Helse Førde dersom avdelinga i Eid vert nedlagt.

- Kan gå utover det faglege

Det vart også hevda at enkelte brukte så mykje energi på å protestere mot vedtaket om å leggje ned ortopedien, at det gjekk ut over det faglege tilbodet.

- Det vi registrerer er at ein ikkje kjem seg vidare i prosessen. Det einaste ein vil er å få omgjort vedtaket, seier styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg og legg til:

- Når ein snakkar om energilekkasje, meiner vi at når enkelte brukar så mykje energi på å jobbe imot eit lovleg fatta vedtak, så fryktar ein at det skal gå utover faget ein skal utøve, seier Øberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Myklebust

USAMD: Bjørn Myklebust var tilhøyrar på styremøtet fredag og meiner kritikken som kom fram mot dei tilsette var oppsiktsvekkande. Biletet er frå pressekonferansen tidlegare i juni.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

- Oppsiktsvekkande kritikk

Vedtaket om framskunding av nedlegging av ortopedien vart gjort mot dei fire tilsetterepresentantane sine stemmer.

Bjørn Myklebust som er leiar i den nystarta Medisinsk faggruppe i Nordfjord var svært misnøgd med styrevedtaket.

- Det mest oppsiktsvekkjande er at styrerepresentantar i styremøtet rakkar ned på tilsette i helseføretaket. Tilsette som brukar som demokratiske rett til å ytre si meining. Dette høyrer ikkje heime i eit styre og slike folk bør ikkje sitje i eit styre, seier Myklebust til NRK.no.

Øberg presiserer at dei tilsette ikkje misser jobben når nedlegginga vert framskunda.

- Det vert stogg i inntak av pasientar, medan dei tilsette då vil inngå i omstillingsprosessen, seier Øberg.